Tøff start på 2019 for Fjord1

MOTBØR: Fjord 1 har ikkje hatt noko medvindsseglas første kvartal i år. Her ser du  MF "Giskøy" i Florø i samband med dåp.

MOTBØR: Fjord 1 har ikkje hatt noko medvindsseglas første kvartal i år. Her ser du MF "Giskøy" i Florø i samband med dåp. Foto:

FLORØ: Endring i kontraktar og store oppstartskostnader på nye samband er blant fleire grunnar til eit svært magert første kvartalsresultat for Fjord1 i 2019.

DEL

Fjord1 har lagt fram eit resultat etter skatt i første kvartal på 14,4 millionar kroner. Det er markant ned frå same periode i fjor, då reiarlaget leverte eit knallsterkt resultat på over 106 millionar kroner, melder sysla.no.

Den gongen var resultata så sterke at det blussa opp ein ny debatt om kor feil det var av fylkespolitikarane i Sogn og Fjordane å opne for sal av ferge- og hurtigbåtselskapet. 

Både resultata før skatt, driftsresultatet og driftsinntektene første kvartal i år viser klar nedgang mot 1. kvartal 2018. Omsetningssvikten er på 11 prosent, og Fjord1 peikar på kontraktssamansetjinga som årsak.

Ifølgje Sysla skal ein medverkande årsak vere forsinkelsar i levering av fem nye gasselektriske hybridferjer som etter planen skulle i drift på sambandet Halhjem-Sandvikvåg (E39), som selskapet Torghatten Nord overtok ansvaret for frå årsskiftet. Også andre oppstartskostnader på nye samband bidreg til det svekte resultatet, heiter det i  pressemeldinga som sysla refererer.

Artikkeltags