Fjord1 har vunne ferjekontraktar for 2,2 milliardar i Møre og Romsdal

MEIR EL-FERJER: Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland framfor den nye batteriferja Gloppefjord, som er bygd i Tyrkia. No har reiarlaget sikra seg nye storkontraktar i nabofylket i nord, som også vil krevje elferjemateriell på sikt.

MEIR EL-FERJER: Administrerande direktør i Fjord1, Dagfinn Neteland framfor den nye batteriferja Gloppefjord, som er bygd i Tyrkia. No har reiarlaget sikra seg nye storkontraktar i nabofylket i nord, som også vil krevje elferjemateriell på sikt. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Møre og Romsdal fylkeskommune har tildelt kontrakten for ferjesambanda Sølsnes-Åfarnes, Molde-Sekken, Solholmen-Mordalsvågen og Aukra-Hollingsholm til Fjord1 ASA.

DEL

Den nye kontrakten startar ifølgje Møre og Romsdal fylkeskommune opp 1. januar 2020 for tre samband (Molde-Sekken, Solholmen-Mordalsvågen og Aukra Hollingsholm). Det fjerde sambandet mellom Sølsnes og Åfarnes startar 1. januar 2022.

Ifølgje fylksekommunen sine nettsider er kontrakten verd i overkant av 2,2 milliardar kroner. Frå 2024 skal det fasast inn el-ferjer på to av sambanda. Det skal også byggjast nye kaianlegg i åra fram mot at el-drift blir teke i bruk.

-Det har vore god konkurranse om oppdraget, og vi er glad for å redusere miljøutsleppa frå ferjene i Romsdal. Sjølv med god konkurranse om kontrakten, aukar utgiftene til fylkeskommunen, seier samferdselssjef Arild Fuglseth til fylkeskommunen sine nettsider.

Artikkeltags