Store investeringar pregar første halvår i Fjord1

Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto

DEL

I andre kvartal i år omsette Fjord1 for 689 millionar kroner. Resultat etter skatt for perioden vart 104 millionar kroner. Det skriv Fjord1 i ei pressemelding. Resultatet er påverka av ein midlertidig inntektsnedgang som i hovudsak skyldast overgangsendringar i ferjeporteføljen, skriv selskapet. Positivt resultatbidrag frå alle dei fire segmenta, men svakare resultat i catering samanlikna med andre kvartal i fjor. Også høge investeringar knytt til nybygg, ombyggingar, kaier og infrastruktur for å gje rom til drivstoff med null og lite utslepp og for å styrke konkurranseevna i framtidige anbod.

Inneverande år er eit overgangsår for Fjord1 med betydelege investeringar knytt til nybygg og infrastruktur kombinert med førebuingar til oppstart av nye kontraktar neste år. Dette førte til ein nedgang i omsetnad. I tillegg vart den trafikktunge ruta Halhjem-Sandvikvåg i Bjørnefjorden avvikla med verknad frå 1. januar 2019, noko som har medverka til lågare volum og omsetnad i kvartalet.

– Sjølv om vi er i overgangsår med lågare volum og høge investeringar, har vi positive resultat i alle dei fire segmenta, fortel administrerande direktør Dagfinn Neteland.

– Vi er tilfredse med utviklinga i drifta i andre kvartal. Vi er glade for å ha signert kontrakten for Halsa-Kanestraum-sambandet for perioden 2021–2030 etter utgangen av kvartalet. Signeringa fann stad 16. august og markerer vår posisjon som ein leiande aktør i ferjemarknaden, seier Neteland.

I første halvår av 2019 hadde Fjord1 inntekter på 1,329 millionar kroner og eit resultat før skatt på 118 millionar kroner. Omsetnaden fall med 12 prosent samanlikna med første halvår av 2018, hovudsakleg som følge av dei pågåande overgangsendringane i ferjeporteføljen og avviklinga av den trafikktunge ruta Halhjem-Sandvikvåg. Nedgangen i omsetnad i 2019 er midlertidig og er forventa å auke i samband med oppstart av nye kontraktar 1. januar 2019.

Artikkeltags