Og som ein konsekvens av det endrar det namn til Fjord1 ASA.

– Det er veldig stort at vi no blir det andre selskapet i Sogn og Fjordane som blir notert i hovudindeksen på Oslo Børs. Dette er verkeleg ein milepæl for oss, seier driftsdirektør André Høyset i Fjord1 til Firdaposten.

Tysdag var han og dei andre tilsette ved hovudkontoret i Florø samla til feiring og direktestreaming av den offisielle seremonien på Oslo Børs. Dei hadde også ein eigen seremoni etterpå, der vaktmeister Bjørn Korneliussen fekk ringe i bjølla for å markere den store hendinga.

I samband med at Fjord1 no går på børsen, har leiinga bestemt at alle faste tilsette får ei aksjegåve i selskapet til ein verdi av 10.000 kroner.

– Kvar einaste dag står våre tilsette på for å transportere reisande trygt over fjordane. Med oppstartsaksjar kan dei styrke eit allereie stort engasjement for Fjord1, seier administrerande direktør Dagfinn Neteland i Fjord1.

(Artikkelen held fram under bildet.)

Fleire fordelar

Etter at fylkeskommunen selde sin del av Fjord1, har den nye majoritetseigaren Havilafjord vore tydeleg på at Fjord1 skal børsnoterast. For når det gjeld å vere eit attraktivt selskap nasjonalt, er det hensiktsmessig å vere på børsen.

– Det er fleire fordelar med å vere på Oslo Børs, mellom anna får vi større spelerom i kapitalmarknaden. Fjord1 gjennomfører også tidenes ferjeløft. Vi er inne i ein periode med store investeringar til nye, miljøvennlege fartøy. Når vi skal vere leiande innanfor det grøne skiftet, set det krav til god kapitaltilgang.

Grønt skifte

Det er mange ferjesamband ute på anbod for tida, og det blir i større og større grad etterlyst meir miljøvennlege fartøy. Det er eit paradigmeskifte på gang i marknaden. Her ønsker Fjord1 å gå i front.

– Det er ei heilt ny tid vi går inn i, og det er mykje spennande som skjer. Dei siste 18 månadane har vi vunne kontraktar til ein verdi av 15 milliardar kroner. I samband med desse nye kontraktane, skal vi bygge 19 nye fartøy. I løpet av 2020 vil vi ha store deler av sambanda våre over på elektrisitet, peikar Høyset på.

Fjord1

  • Fjord1 er eit av dei største transportselskapa i Norge, og leiande innanfor ferjeverksemd.
  • Selskapet transporterte 21 millionar passasjerar i 2016.
  • Det er 1191 tilsette i Fjord1.
  • I 2016 omsette selskapet med hovudkontor i Florø for 2,38 milliardar kroner.