Maskinhavari, ikkje brann på Fjord1 si ferje

Førebels funn frå Sjøfartsdirektoratet viser at det var maskinhavari som var årsaka til røykutviklinga om bord på MF Eid

DEL

Det var på fredag Firdaposten og fleire andre medium melde at det var brote ut brann på MF Eid, Fjord1 si bilferje som går i trafikk på Lysefjorden. 54 personar vart evakuerte. No viser førebelse funn frå Sjøfartsdirektoratet at det ikkje var brann, men røykutvikling frå eit maskinhavari. Funna er gjort etter rutinemessig synfaring og førebels etterforsking av hendinga, skriv Fjord1 i ein pressemelding.

Driftsdirektør i Fjord1, André Høyset seier han er glad for at evakuering av passasjerar og mannskap gjekk fint og at skadeomfanget er avgrensa.

-Førebels funn viser at skadeomfanget er avgrensa, og det er positivt. I samarbeid med våre leverandørar kjem Fjord1 til å bruke tida framover til å konkludere rundt årsak og samanheng til hendinga. Det blir også sett i verk gransking, så det går litt tid før endeleg årsak er klar, seier Høyset.

Bilferja MF Eid er utlegd frå Fjord1 ASA til The Fjords DA for operasjon i Lysefjorden.

Artikkeltags