Fjord 1 tek grep om varemerket

KAMP OM FLAGGET: Den folkelege Fylkesbaatane-aksjonen har ført til at Fjord 1 formelt har sikra seg eineretten til å bruke dette flagget.

KAMP OM FLAGGET: Den folkelege Fylkesbaatane-aksjonen har ført til at Fjord 1 formelt har sikra seg eineretten til å bruke dette flagget. Foto:

Artikkelen er over 7 år gammel

FLORØ: Fjord 1-konsernet har varemerkebeskytta det gamle Fylkesbaatane-flagget. Søknaden sende dei ti dagar etter at folkeaksjonen for gjeninnføring av Fylkesbaatane-flagget lanserte kampanjen sin med sal av t-skjorter i fjor haust.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Fjord 1-konsernet har sikra seg det gamle Fylkesbaatane-flagget som nasjonalt varemerke. Det skjedde 152 år etter at flagget blei heist i masta på den første båten «Fjalir», men lenge etter at dei sjølve slutta å bruke flagget. Søknaden frå Fjord 1 blei send berre ti dagar etter at Henning Rivedal og resten av aksjonsgruppa for gjeninnføring av Fylkesbaatane-flagget starta kampanjen i fjor haust.

Stort medietrykk

Aksjonistane fekk TV-dekning då aksjonen blei dregen igang 13. november i fjor. Då reagerte Fjord 1-leiinga. Ti dagar seinare sende Fjord 1 krav om varemerkevern av flagget til det norske patentstyret, ein søknad som blei innvilga 13. april 2010. I mellomtida tok aksjonen av. Vel tre veker etter oppstarten av aksjonen sat rikskjendis og humorist Knut Nærum i Nytt på Nytt med den mykje omdiskuterte t-skjorta på seg i beste sendetid. Og seinast i helga blei det selt eit hundretals protestskjorter i Florø under Fjordsteam-festen.

Styreleiar Jarle Skartun i Fjord 1 er informert om grepet konsernleiinga no har gjort, og har følgjande forklaring på kvifor dei søkjer varemerkevern på eit 152 år gammalt flagg dei sjølve har slutta å bruke:

- Vi er også opptekne av historia til Fylkesbaatane. Flagget er eit viktig historisk element som også vi har planar og strategiar for å nytte i framtida.

Ingen reaksjon - førebels

- Kjem de til å bruke varemerkevernet til aktivt å stogge t-skjorteaksjonen?

- Det har vi ingen konkrete planar om. Aksjonistane har eit mål som uansett er heilt uaktuelt for oss, nemleg å byte ut dagens Fjord-1 logo og flagg med det gamle. Generelt synest eg aksjonistane godt kunne vist litt meir forståing for våre argument i saka, seier Fjord 1-styreleiaren.

Han opplever det som akseptabelt at aksjonistane har signalisert at overskotet frå t-skjortesalet skal gå til det vidare restaureringsarbeidet av legendariske «Stavenes», sjølv om dei formelt no sel ei vare dei ikkje har opphavsretten til.

- Fjord 1 har også gitt ei mindre løyving til dette arbeidet. Vi har også vist omsut for «Atløy» og engasjementet rundt drifta av dette fartøyet, påpeikar Skartun.

Direktør Stig Kristoffersen i Fjord 1 Fylkesbaatane opplyser at veteranforeiningane til Atløy og Stavenes har fått løyve til å bruke FSF-merket i 10 år.

Sei di meining om flaggsaka i kommentarfeltet under!

Artikkeltags