Fiskestank tømte Hurtigruteskipet "Lofoten"

Hurtigruteskipet "Lofoten" vart tømt for passasjerar i Florø tysdag morgon, etter at fiskeluktande vatn lak ned i lugarane.

Hurtigruteskipet "Lofoten" vart tømt for passasjerar i Florø tysdag morgon, etter at fiskeluktande vatn lak ned i lugarane. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Å spyle lasterommet etter fisketransport er lurt. Å sende spylevatnet direkte ned i passasjerlugarane er ikkje fullt så smart.

DEL

Under turen til Bergen måndag morgon, fekk dei 70 passasjerane om bord på MS "Lofoten" eit vel nært møte med norsk tradisjonsmatkultur.

Mellom Risøyhamn og Ålesund tok hurtigruteskipet nemleg med seg salta fisk i lasta, slik det har gjort i lange tider. Men då lasterommet skulle spylast, lak vatn ned i lugarane under.

- Og det vatnet luktar ein heil del. Passasjerane om bord reiser difor vidare til Bergen i eit meir luktnøytralt miljø om bord på ekspressbåten, seier kommunikasjonsrådgjevar Stein Lillebo i Hurtigruten ASA.

MS Lofoten reiser no nord att til Ålesund for reingjering der. Der skal den ligge i eit døgn til dei har fått bukt med luktproblemet.

Passasjerane som skulle vere med frå Bergen og nordover att vil anten få booka om turen, eller bli transportert til Ålesund.

Artikkeltags