Fiskeridirektoratet hardt ut mot Fiskarlaget: – Fritidsfiskarane og turistane har teke over fiskerihamnene

KAI: Fiskerikaia lengst aust på Hesteneskaia.

KAI: Fiskerikaia lengst aust på Hesteneskaia. Foto:

BREMANGER: Fiskeridirektoratet svarar på tiltale.

DEL

I 2020 skal dei nye regionane overta administrering av ordninga med statlege fiskerihamner frå Kystverket. Samstundes blir ordninga underlagt Kommunal- og arbeidsdepartementet og ikkje lenger noko fagdepartement for fiskeri. Dette er Sogn og Fjordane Fiskarlag kritisk til, og viser mellom anna til at hamner som fiskarlaget har meldt inn som næringsaktive no blir lagt ut for sal i den opne marknaden.

– Kystverket tek berre omsyn til Fiskeridirektoratet sine vurderingar. Det inneber at den faktiske bruk som fiskarane har meldt inn ikkje blir teke omsyn til, med mindre Fiskeridirektoratet meiner det same, sa Skaar til Firdaposten torsdag.

Det er ein påstand som Fiskeridirektoratet ikkje kjenner seg att i.

– Påstanden stemmer ikkje. Vi fekk eit oppdrag frå Kystverket våren 2018 om å kartlegge fiskeriaktiviteten i dei ulike fiskerihamnene i Sogn og Fjordane. Vi sende då ut eit skriv til dei lokale fiskarlaga for å få ei oversikt over bruken. Vi fekk veldig få tilbakemeldingar, eigentleg berre frå fiskarlaga i Gulen, Solund og Askvoll. Og trass i gjentekne oppfordringar om å svare på skriva, kom dei ikkje, så her har Fiskarlaget ikkje følgt godt nok opp. Men vi har følgt fiskarlagets vurderingar der vi har fått dei. Vi har blant anna gitt tilråding om Vetvika og Gjerdevika no i haust. Men vi måtte til slutt ta AIS-sporing i bruk for å kartlegge aktiviteten i resten av kommunane. Vi har og brukt ressursseksjonen og kommunane sin info, seier seksjonssjef for forvaltning, akvakultur, tilsyn og kystsoneplanlegging Leni Lisæter i Fiskeridirektoratet region vest.

Vidare trur Fiskarlaget i Sogn og Fjordane at den prosessen som no går føre seg vil føre til at den ressursrike oppdrettsnæringa kjem til å kjøpe opp moloar og hamneanlegg på billegsal langs norskekysten. Det er ein påstand Lisæter ikkje er samd i.

– Dette stemmer heller ikkje. Fiskeriaktiviteten som vart kartlagt innbefattar også akvakultur. Dei siste åra ser vi faktisk at det er fritidsfiskarar og turistar som har overteke fiskerihamnene, særleg i pressområde. Og det er ikkje rett at staten skal finansiere hamner til private, strekar Lisæter under.

– Er det slik å forstå at fiskarane ikkje bruker fiskerihamnene?

– Det blir stadig færre fiskarar, dessverre. Det har vi sett lenge. Og dei som har fiskebåtar, dreg lenger vekk for å fiske. Så vi har ikkje bruk for så mange fiskerihamner lenger, svarar Lisæter.

Artikkeltags