Det beste Jan-Tore Aldeholm veit er å reise ut med båten og fiske hummar. – Det er terapi!  Her er han i ferd med å surre klørne på ein skikkeleg sværing, ein 4-kilos hummar han fekk for to år sidan.
Privat

Laurdag er Jan-Tore si julaftan

Jan-Tore Aldeholm er over gjennomsnittet glad i å fiske hummar. Difor er 1. oktober ein festdag for han.
Publisert


Han var liten gut då bestefar Bjarne Aldeholm tok han med ut og fiske hummar. Han og bestemor Arnhild budde på Buarøya i Batalden. Det å fiske det som det til ei kvar tid var sesong for var ein del av levebrødet då.

Bestefaren lagde teinene sine sjølv - det gjer ikkje Jan-Tore. Men dei første han kjøpte, 16 år gammal, dei lagde han i stand saman med bestefaren.

– Alt måtte vere på stell med spleising av taua, det var ikkje snakk om å knyte. Det måtte vere skikkeleg, for det skulle jo tole vêret utom fjellet, seier han, og siktar til vestsida av Batalden, der hav og vind står rett på.

Då han var 18, hadde han allereie møtt Irmelin, som i dag er kona hans, og dei hadde fått det første av sine tre barn.

– Då brukte eg hummaren til

Jan-Tore og familien er inviterte på helgebesøk. - Vi skal reise altså, men først skal eg ut og sette teinene laurdag morgon!

Jan-Tore og familien er inviterte på helgebesøk. - Vi skal reise altså, men først skal eg ut og sette teinene laurdag morgon! Foto:

å spe litt på inntekta med. Men det å vere 18 år og ete hummar som ein hadde fiska sjølv - gjort alt frå å lage til teinene til å tilberede den i panna - det var heilt kanon, smiler han.

– Eg vil tru det er mykje same kjensla som for dei som et hjort dei har felt sjølv.

I eit forsøk på forklare kva som gjer hummarfisket så fascinerande seier Jan-Tore følgjande:

– Det er ikkje som å fiske krabbe eller kreps. Då er det jo stort sett ein storleik. Med hummar veit du ikkje kva du får! Om du kan behalde fangsten eller ei.

Hummarfisket er ein familiaktivitet, og i sesongen har han, faren og bestefaren konkurranse om kven som får mest og flest.

– Sonen min på 12 har fått si første teine og har fiska litt. Feberen kjem nok der òg!

Førebuingane til fisket startar tidleg. Litt vel tidleg, i følgje frua.

– Ho seier feberen byrjar å stige i juni... Det er det vi alltid har kalt det - hummarfeber. Når vi får besøk og dei tek meg i å sitje i eigne tankar og sjå ut glaset, flirer dei. «Du tenker hummar no!» Og det gjer eg jo.

For det er mangt som skal på plass. Han må ha rett agn:

– Salta makrell eller sild - og helst knust rognkrabbe i lag med. Faktisk kan du sløyfe fisken om du har rognkrabbe. Hummaren likar det. Og så slepp du å få krabbe i teinene.

Jan-Tore Aldeholm er over snittet interessert i hummarfiske

Jan-Tore Aldeholm er over snittet interessert i hummarfiske Foto:

Så må han forvisse seg om at båten og teinehalaren er i toppform. Eit visst bensinlagar må han også ha i hus - det går omtrent 15 liter for kvar tur. Og sjølvsagt må teinene gåast over.

– Er det hol, må ein fram med nål og tråd. Ein får alltid hol i dei. Om ein har fått noko i dei som ikkje skal vere der. Havål, til dømes. Den byrjar å gnage. Havål er noko helveteskap!

Men så er endeleg dagen der. 1. oktober. Idag! Når Jan-Tore legg ut frå land i med song i brystet i sin 18 fots Micore 550, har han sjølvsagt sine faste, gode plassar. Og like sjølvsagt er han lite villig til å røpe kvar dei er. Men såpass kan han seie:

– Ein må sette på rett botn. Ein får hummar over alt, men det beste er å sette på ur-botn. Du kjenner det på teina. Om ho treff stein eller sand.

Elles går han ofte så langt vest at det er lite sannsynleg at andre vil bruke dei same plassane som han, seier han.

Og hummaren skal helst vere litt over minstemålet.

– Når eg får hummar som er akkurat på, hiv eg den ofte ut att. Det er for lite mat i den. Det beste er når den er mellom eit og halvtanna kilo. Då er den aller best.

Det meste han har fått i ei teine, er fem stykker. Elles har han ved tre tilfelle fått hummar på fire kilo.

– Men får eg fleire slike, skal dei òg ut att. Dei er for grove i kjøtet, og dessutan er det jo slik at jo større dei er, jo meir produserer dei av rogn. Så det er ikkje lurt å ta alle dei store. Men: Får eg nokonsinne ein på fem kilo, då..! Då vil Monicha Landøy i FloraFauna få eit utstoppingsoppdrag!

Når vi spør kor mykje hummar dei et i løpet av sesongen, svarar han:

– Det vi har lyst på. Det vert ein kveld i ny og ne. Vi vil ikkje ete det for ofte og gå leie. Men vi inviterer gjerne familien på hummar i staden for å legge i frysen. Det gjer eg ikkje om eg skal ete den sjølv eller servere til familien.

Jan-Tore er ein hummar-puritaner som helst berre vil ha loff og majones til.

– Mange synes hummar er oppskrytt, men då har dei ikkje smakt den fersk! Den skal etast om kvelden når den har blitt kald. Og hugs nok salt i kokevatnet!


Slike sværingar på fire kilo er ikkje Jan-Tore interessert i lenger. - Det er dei store som produserer mest rogn, så det ville vere dumt å fiske opp alle desse.

Slike sværingar på fire kilo er ikkje Jan-Tore interessert i lenger. - Det er dei store som produserer mest rogn, så det ville vere dumt å fiske opp alle desse. Foto:



Artikkeltags