Torsdag leverer Fiskebas si største sildelast nokonsinne

Silda er på veg frå nota til tankane. Til saman fire kast brukte Fiskebas på å få ombord rekordlasta på 1050. tonn.

Silda er på veg frå nota til tankane. Til saman fire kast brukte Fiskebas på å få ombord rekordlasta på 1050. tonn. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

NORDSJØEN: 1050 tonn NVG-sild blir lossa i Liavågen på Sunnmøre.

DEL

Heile 1050 tonn med NVG-sild hadde MS Fiskebas i tankane når dei hadde gjort seg ferdige med det siste kastet natt til måndag. Det måtte til saman fire kast til, der det siste var på nesten 600 tonn, før det dei kom opp i dette volumet.

Mottakskapasiteten sprengd

– Det er alvorlege mengder med sild, medgir ein fornøgd skipper Geir Madsen, og legg til at dei no har rundt 50 tonn som blir ståande igjen til neste år.

Det er for lite til at det lønnar seg å gå ut igjen og hente den no. For silda dei no skal levere i Liavågen har dei henta i norsk sone, berre 10-15 mil frå internasjonalt fartvatn, mellom 180 og 190 mil nordvest av Stadt. Lossinga vil ikkje skje før torsdag, og Madsen fortel at situasjonen er spesiell nett no.

– Det har vore teke så enormt med sild og makrell i det siste at

mottakskapasiteten er sprengd - faktisk har Sildesalslaget gått ut og åtvara om at mottakskapasiteten er avgrensa på NVG-sild til konsum.

Sildesalslaget sine nettsider kan ein rett nok lese at anlegga melder at dei ikkje treng meir NVG-sild før lenger ut i veka. Dei tre siste vekene har det vore omsett fisk for rundt to milliardar kroner gjennom salslaget. Berre i førre veke vart halvparten av totalvolumet på 70.000 tonn for alle fangstar innmeldt.

Spesiell haust

Men det er ikkje juleferie for Fiskebas heilt enno. Dei har framleis 640 tonn med nordsjøsild som dei skal ut og ta når dei er ferdige å losse.

Denne hausten har vore spesiell, særskilt når det gjel makrellfiskeriet, i følgje Madsen.

- Det gjekk noko lenger tid, for fisken har gått mykje djupare enn før. Då klarar ikkje vi å følgje den, når den går på 300-400 meters djupne. Det har ikkje skjedd før som vi veit om. Fisken opp før den treff Tampen (nord i Nordsjøen, journ.anm.) og då går den på sørvest mot Shetland og hopar seg opp der før den vandrar vestover, forklarar Madsen, og legg til:

– Når vi først fann makrellen fiska vi opp kvoten på ti dagar. Det har vore veldig gode prisar på makrellen; litt over forventning. Det blir eit godt år i år også!

Bluefin på Nekkøy kom heim søndag etter å ha gjort seg ferdige med makrellkovta.

– Vi lurar på å byrje på NVG-silda i neste veke, seier skipper Atle Nekkøy, som også har fått med seg åtvaringa frå Sildesalslaget.

Han reknar med dei også skal lande på eit godt årsresultat.

– Omtrent som i år, seier Nekkøy.

Dette er ekkoloddet som blir brukt til å leite etter fisk, og overvake flekkane når ein har funne dei. – På dagtid følgjer vi silda når den står på omtrent 300 meters djupne. Når det blir mørkt, kjem den opp, og når den er på 70-80 meter, kastar vi, forklarar skipper Geir Madsen.

Dette er ekkoloddet som blir brukt til å leite etter fisk, og overvake flekkane når ein har funne dei. – På dagtid følgjer vi silda når den står på omtrent 300 meters djupne. Når det blir mørkt, kjem den opp, og når den er på 70-80 meter, kastar vi, forklarar skipper Geir Madsen. Foto:

Artikkeltags