Per Sandberg kjem til Svanøy

MINISTEREN: Per Sandberg kjem til Svanøy i august

MINISTEREN: Per Sandberg kjem til Svanøy i august Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Fiskeriministeren tek turen til Svanøy i august i samband med at det blir arrangert ein nasjonal ørretkonferanse.

DEL

Det er 22. august det skjer. Sjømat Norge, AqKva og Vidar Onarheim inviterer til Svanøy-konferansen. Ein nasjonal ørretkonferanse over to dagar, med deltakarar og føredragshaldarar frå fleire av dei største oppdrettarane i landet.

AqKva står bak det som dei hevdar er Norges største havbrukskonferanse, Aqkva Konferansen, som i mange år blei arrangert på Stord, før den nyleg vaks seg for stor og blei flytta til Bergen. Dei arrangerte tidlegare i år ein rensefiskkonferanse, også den på Stord, og i Haugesund i september skal dei arrangerte ein konferanse i Haugesund med fokus på båtar i havbruk. Men først blir det altså aure som tema på Svanøy, med Per Sandberg på gjestelista.

Sandberg skal snakke om rammevilkåra for norsk ørretproduksjon fram mot 2025. Andre føredragstema spenner frå «Norsk ørret som råvare», «Ørret – ein bærekraftsvinnar» og «Frå klekking til 6kg på 16 månader», til «Subsea og undervannsforing av ørret». Deltakarane får også vere med på omvising på Norsk Hjortesenter, ølsmaking, og tre rettars middag på Svanøy Hovedgård.

Deltakarane blir innlosjert både på hovudgarden og på hotella i byen, og det blir sette opp skyssbåt til og frå Svanøy både på føremiddagen før konferansestart, på kvelden etter middagen, og morgonen etter.

Artikkeltags