- Det er naturleg at dei tilsette får ein del av overskotet

Alex Vassbotten.

Alex Vassbotten. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Og i år vil det seie i snitt 100.000 kroner på kvar hos Steinvik Fiskefarm.

DEL

Steinvik Fiskefarm og dagleg leiar Alex Vassbotten deler ut i snitt 100.000 kroner i bonus til kvar av dei tilsette.

Dei tilsette har bonus-avtale

Vassbotten tek på seg spanderbuksene fordi selskapet hans har tent ekstremt gode pengar - i fjor auka salsinntektene til 477 millionar kroner frå 315 millionar kroner i 2015. Overskotet for 2016 ende på 182 millionar kroner før skatt.

Men det er langt frå første gong at selskapet deler ut bonus.

- Dette er ei avtale vi har med dei tilsette, at dei får ein del av overskotet. Og det er noko eg meiner  er både naturleg og viktig for å gi dei tilsette ein eigarskap til resultatet vårt, seier Vassbotten.

Her kan du lese om årets Open Dag på Steinvik.

- Med den medvinden bransjen din har for tida, er det vel konkurranse om kompetanse. Er dette eit ledd i å halde på flinke tilsette?

- Ja. Det er alltid konkurranse om flinke folk. Dessverre forsvann akvakultur-utdanninga ved Høgskulen i Sogndal, seier Vassbotten, og legg til at han helst ser at dei som søker jobb hos han har ei utdanning frå feltet.

- Då veit vi at vedkommande verkeleg vil drive med dette, og har dei basiskunnskapar som trengst. Så lærer vi frå oss vår måte å gjere ting på. Så om bonusen betyr at vi held på folk, er det kjempebra.

Store satsingar

Samstundes strekar han under at ein bonus ikkje er det same som løn:

- Du kan ikkje låne på ein bonus. Og det har skjedd at bonusen har vore låg - eller at den har uteblitt heilt. Ein skal ikkje lenger tilbake enn til 2012, då vi hadde 12 millionar kroner i underskot.

Han peikar på satsinga i Svelgen der dei er i full gong med første steget av rognkjeksanlegget, og det kommande steg to, pluss planlagde smolt- og post-smoltanlegg. Desse planane vart nyleg godkjende av formannskapet i Bremanger.

I tillegg ramsar han opp ny hall og velferdshus på Seljeset, nye kar og ny hall i Barlindbotn, samt at det er starta på vassinntak til eit nytt settefiskanlegg i Svelgen.

- Men kva med sjefen sjølv då, skal du gjere noko kjekt med dei ekstra pengane?

- Eg gjer då noko kjekt kvar dag, eg! ler Vassbotten.

Det er 25 tilsette i Steinvik Fiskefarm AS. Styret sette av 150 millionar av overskotet som utbyte til morselskapet.

Artikkeltags