Skal fiske makrellstørje med stong utanfor kysten vår

En fisker i australske farvatn dreg inn ein makrellstørje for å merke den og sleppe den laus igjen. No skal norske forskarar gjere det same.

En fisker i australske farvatn dreg inn ein makrellstørje for å merke den og sleppe den laus igjen. No skal norske forskarar gjere det same. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Du kan søke om å få vere med, men ete fisken får du ikkje.

DEL

Havforskingsinstituttet har fått klarsignal og støtte frå den Atlantiske tunfiskkommisjonen (ICCAT) til å merke 20 makrellstørjer i norske farvatn i 2018. Prosjektet vil gå føre seg på vestlandskysten seinsommars, når stimar av svoltne makrellstørjer beiter langs kysten vår. Gjennom å merke fisken håpar forskarane å skaffe ny informasjon om størja si vandring. Det skriv Havforskingsinstituttet på sine eigne heimesider.

– Eit han makrell i overflata, eller blekksprut på store djup? Dreg han til Karibia, Middelhavet eller Afrikas kyst? Finn fram globusen, for heile det blå området er tilgjengeleg for formel-1-fisken. Vi veit forsvinnande lite om dei på individnivå, fortel størjeforskar og -entusiast Leif Nøttestad.

Ikkje for kven som helst

Makrellstørja var borte frå norske farvatn i fleire år, etter fleire år med internasjonalt overfiske. Etter tøffe tiltak frå ICCAT har størjebestanden betra seg kraftig. No er verdas største tunfisk tilbake på årleg sommarbeite utanfor kysten vår, og mellom anna MS Hillersøy frå Askvoll og Bluefin i Florø har drege inn fleire tonn med størje dei siste par åra. Når dei no skal fange inn 20 makrellstørjer for merking er det sportsfiskarane som må melde seg. Dei må nemleg takast med stong.

– Den mest skånsame og effektive metoden for å fange enkeltstørjer på opptil 370 kilo, er å fiske dei med stong, fortel havforskar Keno Ferter, som er ansvarleg for den praktiske gjennomføringa av prosjektet. Detaljane er ikkje heilt spikra enno, men Ferter reknar med at det vil bli stor interesse når utlysinga kjem. Dei kjem ikkje til å sleppe til kven som helst som har stong og sluk i boden.

– Vi reknar med stor interesse rundt ei kommande utlysing. Vi kjem til å stille ei rekke krav til båtar, utstyr og relevant erfaring. Her er det ikkje berre å sleppe nokon på fjorden med sluk. Dette skal gå proft føre seg i HI-regi. Vi har eitt mål, og det er å fiske, merke og sleppe kvar størje så skånsamt som mogleg.

– Vi kjem til å søke etter fritidsfiskarar som kan vise til at dei har vore borti storfisk tidlegare. Her snakkar vi om makrellstørje på inntil 400 kilo. Ein bør ha meir erfaring enn å ha dradd opp nokon paler eller torsk frå Byfjorden for å vere med på dette, seier Nøttestad til Bergens Tidende.

Doblar fiskekvoten

Fisket vil gå føre seg på kysten frå Rogaland til Møre og Romsdal, og på bakgrunn av tidlegare observasjonar av fisken trur Havforskingsinstituttet at det vil bli fanga flest makrellstørjer i Hordaland og i Sogn og Fjordane.

Merkinga vil ikkje gjere innhogg i fiskekvoten, ettersom målet er å sette ut att storfiskane i fin form med ein elektronisk pop-up-tag. Den loggar størja si vandring på kartet og dykking i vannsøyla. Når det gjeld sjølve fiskekvoten har Norge i 2018 fått ein større del av den samla kvoten for makrellstørje. Den er dobla frå i fjor til 104 tonn, mellom anna fordi Norge gjennom lengre har tid har gjett store forskingsbidrag på nettopp makrellstørja.

– Ingen andre land har bidratt med like mykje og detaljerte data som Norge. Nesten kvar einaste størje som er fanga i våre farvatn dei siste 70 åra, er tatt mål og prøver av, data levert til ICCAT sin database, seier Leif Nøttestad.

Og no blir det meir data.

Artikkeltags