Snart kan du lese alt som har stått i Firdaposten

Redaktør Svend Arne Vee, journalistane Liv Standal og Harald J. Stavang syt for at alle årgangane av Firdaposten ligg sortert riktig på paller.

Redaktør Svend Arne Vee, journalistane Liv Standal og Harald J. Stavang syt for at alle årgangane av Firdaposten ligg sortert riktig på paller. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

I desse dagar er to pallar med femtitre årgangar av Firdaposten på veg til Sveits. Vel framme skal selskapet Zissor, som blir rekna som eitt av dei beste digitaliseringsselskapa i Europa, skanne og digitalisere samtlege 199.700 sider av Firdaposten frå 1949 og framover.

– Dette vil bli endå ei gulrot for abonnentane våre, som snart vil få moglegheit til å søke i alt frå annonsar, tekst og bilete som har stått på trykk sidan første utgåva i 1949 og fram til 2003, strålar ein småsveitt Firdaposten-redaktør Svend Arne Vee etter at samtlege papirutgåver vart flytta med handmakt frå arkivet ned til Natvik prenteverk, der dei varsamt skal pakkast ned og skal sendast frå om få dagar.

i alpelandet vil kvar enkelt avisside bli snitta ut av dei innbundne bøkene, scanna på kvar side og lagt til eit digitalt arkiv. Når jobben er gjort, vil bøkene bli sende tilbake til Florø.

Alt som er publisert i Firdaposten frå 2003 av er allereie søkbart gjennom e-avisfunksjonen. Men så langt har du måtte fysisk lese gjennom papirutgåvene i arkivet, for å finne det du leitar etter frå eldre tider. No kan du snart søke på personar, stader, hendingar og mykje meir av lokalhistoria i Flora, Bremanger - og i tillegg Askvoll og Naustdal i tidlegare år.

– Vi fekk oss ein vekkar i desember fjor, med flaumen i Firdaposten. Heldigvis var arkivet vårt tørt, men vi tek ikkje sjansen på at så mykje av historisk verdi kan forsvinne for godt. Og vi har jobba lenge for å finne økonomien til å gjere dette, seier Vee men strekar under at det ikkje er med lett hjarte han sender samtlege 53 årgangar til utlandet.

– Eg er meir uroa for mentaltilstanden til Harald J. Stavang. Dette er nærast som å røske ut og sende hjartet hans ut på tur til Sentral-Europa, humrar Vee.

Harald J. Stavang var sistemann som inspiserte pallane med Firdaposten, for å forvisse seg om at dei blei behandla med største varsemd.

Harald J. Stavang var sistemann som inspiserte pallane med Firdaposten, for å forvisse seg om at dei blei behandla med største varsemd.

Artikkeltags