Flora kommune seier opp abonnement på Firdaposten for å spare pengar. – Eit pussig grep i eit valår og få månader unna Kinn-etableringa, svarar redaktøren.

PÅ NETT: Knut Broberg, rådmann i Flora kommune, har avslutta alle kommunen abonnement på Firdaposten, også den digitale versjonen av avisa.

PÅ NETT: Knut Broberg, rådmann i Flora kommune, har avslutta alle kommunen abonnement på Firdaposten, også den digitale versjonen av avisa. Foto:

Av

FLORØ: Flora kommune sparar på harde livet. No ryk også abonnementa på lokalavisa.

DEL

Flora kommune må spare 24 millionar kroner i løpet av 2019. Og framover blir det ikkje betre. I budsjettet for 2020 er innsparinga 35 millionar kroner. Året etter innsparinga på 58,6 millionar.

Det er dermed ikkje så rart at rådmann Knut Broberg har måtte leite med lys og lykte for å finne sparetiltaka. Under formannskapsmøtet 6. juni orienterte han om tiltaka som er gjennomført den siste tida. Gatelysa skal ikkje stå på om natta no på sommaren, det skal nesten ikkje klippast gras. Og så har kommunen sagt opp alle abonnement på aviser og magasin, inkludert 10 av 12 abonnement på lokalavisa Firdaposten. Det er kun teknisk etat og biblioteket som får behalde lokalavisa.

 Det punktet får redaktør Svend Arne Vee til å heve augebryna.

Eit demokratisk problem?

– Eg forstår at kommunen må spare pengar, men det å seie opp lokalavisa er eit underleg grep å gjere berre tre månader før det viktige kommune- og fylkestingvalet, og sju månader før vi går inn i ein kontroversiell Kinn kommune. Er det ikkje eit demokratisk problem at kommunen sine 1100 tilsette ikkje har tilgang på den største lokale meiningsbæraren, og i praksis den einaste som skriv om arbeidsplassen deira, spør Vee og strekar under:

STÅR HAN AV: – Vi skal nok overleve med nokre kommunale avisabonnement færre. Men timinga for å skru av informasjonskranen er underleg av Flora kommune, seier Firdaposten-redaktør Svend Arne Vee. Her saman med vaktsjef Dag Nesbø Frøyen.

STÅR HAN AV: – Vi skal nok overleve med nokre kommunale avisabonnement færre. Men timinga for å skru av informasjonskranen er underleg av Flora kommune, seier Firdaposten-redaktør Svend Arne Vee. Her saman med vaktsjef Dag Nesbø Frøyen. Foto:

– For oss er dei 10 abonnementa til kommunen ikkje noko vinn eller forsvinn, vi overlever godt med ti aviser mindre. Men det framstår litt rart, og forsterkar bildet av ein kommune som ofte sparer på ørene, men svir av hundrelappane. Kanskje kommunen kan leige inn eit konsulentbyrå som kan lage eit samandrag av det Firdaposten skriv om Kinn kommune og valet, seier redaktøren med eit glimt i auget.

Sparar 19.000 kroner

Ved å kutte abonnementet på Firdaposten er kommunen kring 19.000 kroner nærare innsparingsmålet på 24 millionar kroner.

Vee peikar også på eit anna paradoks:

– I kritikken mot Kinn-prosjektet har det både internt blant dei tilsette og frå innbyggjarane si side, vore ein ting som går att i tilbakemeldingane til oss: Behovet for, og mangelen på informasjon. Det grepet kommunen no gjer, styrkjer i alle fall ikkje dette, slår han fast.

Ingen aviskutt i Vågsøy

Vi kontakta Fjordenes Tidende-redaktør Erling Wåge for å høyre om Vågsøy kommune har gjort same grep andsynes Fjordenes Tidende-abonnementa sine. Det avkreftar han.

– Vi har ikkje motteke noko avisoppseiingar, korkje frå Vågsøy kommune eller frå tilgrensande kommunar som vi også dekkjer, seier Wåge til Firdaposten.

Firdaposten har ikkje lykkast å få ein kommentar frå rådmannen.

Artikkeltags