Gjer laurdagsavis om til helgeavis

 – Det blir krevjande å få klar helgeavisa til fredag, men med ein godt motivert gjeng er eg overtydd om at vi skal klare det – og at dette grepet er rett, seier Svend Arne Vee (bakerst). Her saman med journalistane Heidi Hattestein (t.v.), David Antonsen, Liv Paula Standal og Olav Hatlemark.

– Det blir krevjande å få klar helgeavisa til fredag, men med ein godt motivert gjeng er eg overtydd om at vi skal klare det – og at dette grepet er rett, seier Svend Arne Vee (bakerst). Her saman med journalistane Heidi Hattestein (t.v.), David Antonsen, Liv Paula Standal og Olav Hatlemark.

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Frå komande helg vil Firdaposten-abonnentane få helgeavisa si i løpet av fredag.

DEL

Frå 1. november har ikkje lenger Posten laurdagsdistribusjon, verken av vanleg post eller aviser. I staden er det distribusjonsselskapet Kvikkas med base i Sykkylven som skal stå for avis-omberinga på laurdagar rundtom i fylket til ein god del av abonnentane våre, etter å ha vunne denne kontrakten gjennom ei anbodsutlysing.

1000 usikre

– Det betyr at kvar fjerde Firdaposten-abonnent, som fram til no har fått laurdagsavisa si med Posten, no er avhengig av at det nye systemet fungerer frå dag èin. Dessverre er det mykje som tyder på at det kan bli vanskeleg å garantere, og for oss i avisa handlar det om å unngå å få opp mot 1000 misnøgde abonnentar kvar helg, som ikkje har fått avisa si til vanleg tid, seier redaktør og dagleg leiar i Firdaposten, Svend Arne Vee.

Firdaposten tek difor eit grep for å sikre at samtlege tingarar får helgeavisa, og løysinga er å distribuere helgeavisa fredag, slik at ein kan nytte Posten sine tenester vidare.

Dette blir ei stor utfordring for ein liten redaksjon og ei lita marknadsavdeling. Men alle på huset er innstillte på å få dette til.

Svend Arne Vee

– Det blir sjølvsagt ei stor utfordring for ein liten redaksjon og ei lita marknadsavdeling. Men alle på huset er innstillte på å få dette til, og eg trur vi skal klare det. I første omgang gjer vi dette som eit mellombels grep ut året. Så får vi evaluere korleis den nye distribusjonsaktøren Kvikkas har lukkast rundtom i fylket – og korleis lesarane opplever å få avisa på ein fredag i staden for laurdag. Ved å gjere det vi no gjer, så har vi begge moglegheiter ope når vi går inn i 2017, seierVee.

Bremanger viktig

Det er særleg Bremanger, Eikefjord-området og øyane redaktøren har bekymra seg for.

– Rundt 1000 av våre abonnentar bur i desse områda, der vi har til dels sterk konkurranse frå andre aviser. Vi kan ikkje gamble på at kvar fjerde abonnent ikkje får laurdagsavisa si før måndag eller tysdag. Det er oppskrifta på misnøgde abonnentar – og misnøgde abonnentar seier til slutt opp abonnementet sitt. Difor prøver vi no ei anna løysing, seier han.

Helga er viktig

– Korleis vil dette påverke produktet?

– Jo meir vi har planlagt dette, jo meir ser vi at forskjellane ikkje vil bli dei heilt store. Laurdagsavisa vår er godt omtykt fordi den inneheld litt andre ting enn berre det løpande nyheitsbildet. Her er portrett, meir tidlause reportasjar, kryssord, kommentarstoff og meir ein type innhald som fint kan lagast litt meir på langs, slik mange større redaksjonar gjer det med sine helgebilag. Eg håpar og trur at folk vil akseptere dette. I mine auge må det uansett vere betre enn å få avisa fleire dagar forsinka. Og i tillegg så har vi jo nettavisa, som vil ta seg av hendingssaker og meir kjappe nyheiter for abonnentane våre, seier han.

Fleire abonnerer

Gjennom heile 2016 har Firdaposten hatt vekst i abonnementsmassen sin. Det er særleg mange nye heildigitale abonnement som er teikna, og veksten i desse har vore større enn bortfallet av komplett/papirabonnentar.

– Dette har vore svært inspirerande for oss, etter ein periode med nedgang over mange år. Det ville vere synd om denne trenden skulle bli øydelagt av ting utanfor vår kontroll. Det er positivt med digital vekst, men papiravisa er og blir viktig – både for oss og mange av lesarane. Difor legg vi oss no i selen for å prøve å tilfredsstille så mange som råd. Enkelt blir det ikkje, for vi er ein liten redaksjon. Men den består til gjengjeld av ein svært motivert gjeng, så dette skal gå bra, trur redaktøren.

Artikkeltags