- Ei skikkeleg vitamininnsprøyting

- Vi tek ei moderat feiring, med kake i lunsjen, seier Firdaposten-redaktør Svend Arne Vee (bak t.v.), etter at lokalavisa har snudd utviklinga og no aukar i opplag att. Her saman med journalistane Heidi Hattestein, Liv Paula Standal, David Antonsen og Olav Hatlemark.

- Vi tek ei moderat feiring, med kake i lunsjen, seier Firdaposten-redaktør Svend Arne Vee (bak t.v.), etter at lokalavisa har snudd utviklinga og no aukar i opplag att. Her saman med journalistane Heidi Hattestein, Liv Paula Standal, David Antonsen og Olav Hatlemark. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

For første gong på mange år har Firdaposten vekst i talet på abonnentar.

DEL

Tysdag morgon la Mediebedriftenes Landsforening fram opplagstal for norske aviser. Tala viser framleis ein nedgang samla sett - men ting er i endring. Nedgangen har flata ut, og mange aviser kan no vise til vekst i talet på abonnentar. Ei av dei er Firdaposten, og redaktør Svend Arne Vee legg ikkje skjul på at det gjer godt.

– Det er utruleg moro! Vi har jobba knallhardt for dette. Etter mange år med svak nedgang, ser vi no at det har snudd. Det kjekke er at Firdaposten er i godt selskap. Heile 48 av Amedia-konsernet sine 62 aviser kan vise til opplagsvekst, seier Vee.

Ser haldningsendring

Han trur det er to hovudårsaker til den positive endringa ein no ser.

– Vi har lukkast betre med å marknadsføre og selje digitale abonnement enn før. Enkelt sagt er den digitale veksten større enn bortfallet på papir. Men endå viktigare er haldningsendringa ute i lesarmarknaden, som vi har kjent på det siste året.  Stadig fleire forstår at det er heilt nødvendig for avisene å ta betalt for innhaldet sitt. Nyheiter, eller kvalitetssikra informasjon om du vil, lagar seg ikkje sjølv. Vil ein ha tilgang på dette, må ein betale. Det er det vi no ser resultata av, og det er svært motiverande for oss i det daglege arbeidet vårt, seier Vee.

Framleis minus for mange

Men biletet i fylket samla sett er ikkje like positivt. Firdaposten har ein opplagsauke på 50, medan Firda, som også er Amedia-eigd, aukar med 64. Resten av fylkets aviser har tilbakegang.

Opplagstala for 2016 i fylkets aviser ser slik ut:

Firda 10.873 (+64)

Firda Tidend 2906 (-15)

Firdaposten 4707 (+50)

Fjordabladet 2436 (-22)

Fjordenes Tidende 4403 (-163)

Fjordingen 3721 (-76)

Sogn Avis 8993 (-162)

Ytre Sogn Avis 1457 (-33)

Gode Amedia-tal

– Er det tilfeldig at dei to einaste avisene som har opplagsvekst i fylket vårt, er eigd av Amedia?

Digitalopplaget aukar

  • Norske mediehus held fram med å auke salet av digitalabonnement, men taper fleire papirabonnentar, viser tall frå Mediebedriftene.
  • Medan papiropplaget gjekk ned med 7,8 prosent i 2016, auka digitalopplaget med 8,6 prosent. Det reine papiropplaget er no på 24,1 prosent av avisene sine opplag.
  • Totalopplaget for norske aviser er på kring 2 millionar eksemplar. Det er ein nedgang på 1,1 prosent frå 2015 til 2016.

(Kjelde: NTB)

– Det skal eg ikkje seie noko sikkert om. Men det er eit faktum at både Firdaposten og Firda satsa både tidlegare og sterkare på dei digitale plattformene, enn kva ein del av konkurrentane våre gjorde. Og nasjonalt ser vi at svært mange av årets opplagsvinnarar kjem frå vårt konsern, så noko må vi kanskje ha gjort rett i Amedia, seier Vee, som er optimist også på konkurrentane sine vegner.

Trur fleire er på gang

– Eg har fått signal om at også andre av avisene i fylket er i siget når det gjeld digital abonnementsvekst. Eg både håpar og trur dei kjem etter, kanskje alt til neste år. Det er ikkje lenger ein kamp avisene imellom, verken i vårt fylke eller andre stadar. Det handlar om kampen om folk si medie-tid, og då særleg opp mot sosiale medier, meiner Firdaposten-redaktøren, som uansett ikkje har tenkt å kvile på laurbæra.

– Konkurransen om lesarane blir berre tøffare og tøffare. Skal vi klare tilsvarande til neste år, må vi berre forsetje å gje gass. Ingenting kjem av seg sjølv. Men eg vil takke alle lesarar og abonnentar for tilliten, og for å ha gitt oss ei skikkeleg vitamininnsprøyting i dag, seier Vee.

Artikkeltags