Sit du på den gode historia? Då vil vi høyre frå deg!

Sommarredaksjonen i Firdaposten. F.v.: Arve Solbakken, David E. Antonsen, Liv Standal og Andreas Hopen. I front, Firdapostens nyaste tilskot, Arne Hjorth Johansen. Bak kamera, fotograf Tarjei Langeland.

Sommarredaksjonen i Firdaposten. F.v.: Arve Solbakken, David E. Antonsen, Liv Standal og Andreas Hopen. I front, Firdapostens nyaste tilskot, Arne Hjorth Johansen. Bak kamera, fotograf Tarjei Langeland.

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Vi i Firdaposten har ikkje teke fri, sjølv om det er midt i fellesferien. Kvar dag no i sommar jobbar vi i redaksjonen på spreng for å gje deg rykande ferske nyheiter og bringe deg dei gode historiene frå Flora og Bremanger, og dette set mange pris på. Trafikken på firdaposten.no er aukande, trass i at det er sommar og mange har heilt andre ting å gjere på enn å sitje på nettet eller lese papiravisa. Kvar dag den siste veka har mellom 6000 og 12.000 personar vore innom firdaposten.no for å oppdatere seg, eller lese ei kjekk sak.

Men vi ønsker å skrive meir av det du er interessert i! Sit du på ei god historie, set vi stor pris på at du tipsar oss om den. Gje oss også ein lyd om det er ting du ønsker at vi skriv om. Det kan du gjere på redaksjon@firdaposten.no eller i ei melding på Facebooksida vår.

Vi snakkast, ha ein god sommar vidare!

Helsing oss i sommarredaksjonen.

Artikkeltags