Firdaposten har dei beste opplagstala på seks år

FIRDAPOSTEN: F.v. Linda Regina Bruvik, Liv Standal, Trude Sørbø Vee, Arne Hjorth Johansen, Arve Solbakken, Bodil Sælemyr Haarklau, redaktør Svend Arne Vee, Dag Nesbø Frøyen og David E. Antonsen.

FIRDAPOSTEN: F.v. Linda Regina Bruvik, Liv Standal, Trude Sørbø Vee, Arne Hjorth Johansen, Arve Solbakken, Bodil Sælemyr Haarklau, redaktør Svend Arne Vee, Dag Nesbø Frøyen og David E. Antonsen. Foto:

FLORØ: Opplagstalet er no 4998.

DEL

Som resten av avisene i Sogn og Fjordane opplevde Firdaposten opplagsvekst i 2018. Frå første halvdel av 2018 til andre halvdel auka opplaget med 116 til 4998.

Snudd trenden

Kystavisa har vore gjennom fleire tøffe år. Frå år 2000 til 2015 gjekk opplagstalet gradvis ned frå 5702 til 4657, og det såg ganske så dystert ut. Men så snudde det. I 2016 hadde Firdaposten 4704 abonnentar. Sidan då har opplagstalet auka gradvis. Ansvarleg redaktør Svend Arne Vee meiner det er ein viktig årsak til auken.

– I 2015 og 2016 var åra der vi verkeleg byrja setje fokus på innhaldet i nettavisa, gjennom Amedia sitt innhaldsinitiativ. Dette kartlegg kva lesarane til den einskilde avis ønsker å lese meir av. Utan at det går på kostnad av samfunnsoppdraget, har vi ved hjelp av innhaldsinitiativet kunne skreddarsy mykje av innhaldet vi produserer etter kva folk til ein kvar tid er opptekne av. Det ser vi effekten av no, seier Vee.

I tillegg gjorde Firdaposten nokre spenstige grep i denne perioden. Mellom anna kutta Firdaposten ei papiravis i veka, for å frigjere ressursar til å satse meir digitalt. Samstundes vart meir og meir av innhaldet plussa, noko som gjorde at ein i større grad kunne sleppe nyheitene med ein gong det skjedde.

– Det var interessant å sjå kor fort kritikken mot plussing stilna, etter kvart som lesarane våre forstod at vi faktisk må ta betalt for journalistikken. No er vi ute med nyheiter fortløpande, heilt frå klokka seks på morgonen er vi på plass for å halde deg løpande orientert om kva som skjer. Og vi er svært takksame for at abonnentane våre no støttar opp under dette viktige arbeidet, seier Vee.

Mobil er størst

Halvparten av befolkninga i Norge les kvar dag innhald frå norske mediehus på mobilen, dette viser de ferske lesartala frå Kantar.

– Medievanene blir meir mobile, og smarttelefonen er no blitt den viktigaste delen av folks mediekvardag. Våre mediehus har utvikla tenester som er så gode at halvparten av alle nordmenn over 12 år les nyheiter de får rett i lomma, seier Randi S. Øgrey, adm.dir. i Mediebedriftenes Landsforening.

Også blant lesarane til Firdaposten er det mobilen som er den største sendingsflata. I februar hadde Firdaposten 5246 unike brukarar på mobil.

– Veksten i mobillesinga vår har vore eksplosiv. Det er viktig at vi framover lagar innhald som er tilpassa mobillesing, seier redaktør Vee.

Alle avisene i Sogn og Fjordane har hatt opplagsvekst i 2018. Størst i fylket er Firda med eit opplag på 11.476, ein framgang på 101. Sogn Avis er nest størst med eit opplag på 8253, opp 56 medan Firdaposten altså er tredje størst. Like bak Firdaposten kjem Fjordenes Tidende med eit opplag på 4747, opp 104.

Artikkeltags