Firdaposten med ny mobil-app

Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Fleire funksjonar og betre stabilitet, det er stikkorda i Firdaposten sin nye app.

DEL

På grunn av ein del problem når det gjeld innlogging med aID på den gamle Firdaposten-appen, har vi no valt å rulle ut ein ny og forbetra app som skal erstatte denne.

I denne appen får abonnentar sjølvsagt tilgang til e-avisa, men du får også tilgang til siste nytt frå Firdaposten.no.

I tillegg lanserer vi nytt og forbetra søk inne i artikkelen. Du kan også få push-varsler med siste nytt, og kunne lagre artiklar, slik at du kan lese dei seinare offline.

Den nye appen finn du ved å søkje på «Firdaposten Digital Utgåve» på app store eller google play.

Artikkeltags