Finne uskadd etter vill køyring

Artikkelen er over 17 år gammel

SVELGEN: – Nesten som eit mirakel at han kom frå det utan stø rre skadar. Dette er lensmann Hans Rune Strandos sine ord etter at ein finsk statsborgar på besøk i Svelgen, kom nesten uskadd frå villmannskøyring, bilvelt og lang seglas på biltaket i 50-kilometersona på Rise i Svelgen.

DEL

Mannen greidde å krype ut av bilen sin, ein eldre Audi, med eiga hjelp, men var i sjokk og blei sendt til sentralsjukehuset i Førde i ambulanse. Her ligg han framleis til observasjon.

Det er sterk mistanke om promillekøyring. Vitne meiner han må ha køyrt langt over 100 kilometer i timen i eit område og på eit tidspunkt då mykje folk er ute og går langs vegen på kveldstid. Turen kunne såleis ha fått langt meir alvorlege følgjer også for andre enn finnen sjølv.

Mistanke

Mannen som er i tjueåra, kan no vente seg eit alvorleg oppgjer med norsk politi. Og det om både fart og promille.

Lensmannen Strandos fortel at fleire vitne har sett bilen akselerere noko så vanvittig forbi Rise opp for sentrum i Svelgen like etter klokka 19.30 torsdag kveld. I ei lita kurve miste føraren kontrollen, og bilen fekk skrens, Politiet har her målt femti meter lange bremsespor, før bilen enda i den langsgåande murkanten og glei på understellet endå førti meter bortover. På turen knekte den ein lyktestolpe som ei fyrstikk, før den benda ned eit forkøyrsskilt. Men ferda var ikkje slutt. Bilen vippa så rundt på ein merkeleg måte og segla vidare på taket i 30-40 meter, før den stogga og blokkert heile vegbanen.

Flaks

Audien var då heilt flattrykt. Men som ved eit like mirakel var karen framleis bevisst og greidde å krype ut av eiga hjelp, før andre kom til og fekk kalla opp hjelp.

Mannen må ha hatt englevakt. Hadde bilen velta over på andre sida av murkanten, ville det ha gått heilt ille. Her er det stupbratt skråning ned til hagar og hus.

Alt som var av utrykkingskøyrety i Svelgen rykte ut torsdag kveld, og skodelystne møtte fram i hopetal. Ein politipatrulje køyrde òg ut frå Florø for å assistere.

Blokkerte vegen

Folk frå Elkem Energi måtte også hentast inn for å kople ut lysnettet som hang og dingla med lause leidningar. Dei måtte hente kranbil for å rette opp pålen. Dessutan låg der så mykje glas i vegbanen at redningsfolka måtte spyle vegen før dei kunne ta sjansen på å sleppe forbi ambulansebilen. Arbeidet med ulykkesbilen blokkerte vegen opp mot eit par timar, før dei kunne sleppe forbi køane som hadde danna seg.

Lensmann Strandos fortel at dei har sikra seg spor. Finnen ligg framleis på sjukehus i Førde, og kan vente seg forhøyr over helga.

Artikkeltags