Finn beste namnet på bru på Sørstrand

Skisse over Sørstrand Folkepark. Brua går i to spenn ut til Flatholmen i sør.

Skisse over Sørstrand Folkepark. Brua går i to spenn ut til Flatholmen i sør. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Firdaposten og Sparebanken Sogn og Fjordane lyser ut namnekonkurranse om å finne beste namnet på den nye brua til Sørstrand Folkepark i Florø.

DEL

Sørstrand Folkepark fekk dei siste 150 000 kronene på plass gjennom ei gåve frå Sparebanken Sogn og Fjordane nyleg.

No ønskjer leiinga i folkeparken og banken å engasjere Florø-folk og andre til å finne eit godt namn til brua som går ut til Flatholmen ved Sørstrand.

Sørstrand Folkepark skal bli offentleg bad og rekreasjonsområde for florøborgarane og besøkjande.

Send inn ditt namneforslag på SMS

2077

Kodeord: SSF forslag

Då blir du med i trekninga av eit Visa Gåvekort på 2000 kroner. Elles vankar det litt heider og ære ved at vinnaren blir presentert i lokalavisa.

KONKURRANSEREGLAR:

1. Open for alle

2. Send SMS til 2077 med namneforslaget.

3. Du kan sende så mange forslag du vil i perioden 2. til 7.mai.

4. Vinnarbidrag får 2000 kroner i Visa-gåvekort.

5. Dersom det er fleire personar bak forslaget blir det trekning mellom dei.

6. Ein jury frå Sparebanken og Firdapsten skal plukke ut beste bidrag.

Sjå banken si konkurranseside.

Artikkeltags