Det skriv banken i ei pressemelding.

– Banken sin vekst i utlån til næringslivet vitnar om ei positiv utvikling. Dei siste 12 månadane har utlån til bedriftsmarknaden auka med 5 prosent og har no passert 12 milliardar. Det tyder på investeringsvilje og ekspansjon i næringslivet. Tilstanden i næringslivet er sunn, og dei fleste bedrifter greier seg godt, noko som verkar direkte inn på kvaliteten i banken si utlånsportefølje, seier administrerande direktør Trond Teigene.

– Banken har låge tapskostnader hittil i år, og låge tapskostnadar er saman med utlånsvekst ein god indikasjon på at det totalt sett går godt i næringslivet i Sogn og Fjordane, utdjupar han.

Brutto utlån til kundar på bedriftsmarknaden og privatmarknaden er på 47,7 milliardar kroner.

Auka omsetning på eigedomsmekling

Sparebanken Sogn og Fjordane eig Eigedomsmekling Sogn og Fjordane AS. Eigedomsmeklarføretaket har over 50 prosent marknadsdel i fylket og tala viser god omsetning. Driftsinntektene hittil i 2018 er på totalt 24,1 millionar kroner.

– Det er auka aktivitet i bustadmarknaden i fylket. Det ser vi igjen i omsetninga i eigedomsmeklarføretaket vårt. Driftsinntektene auka med 12,8 prosent samanlikna med same periode i fjor, seier Teigene.

 

Driv effektivt

Sparebanken Sogn og Fjordane har eit totalresultat på 149 millionar i tredje kvartal, mot 112 millionar same periode i 2017.

– Veksten baserer seg i stor grad på låge tap og god verdistiging på aksjane banken eig, fortel Teigene.

Driftskostnadene hittil i år er på 322 millionar kroner og på same nivå som i fjor.

– I 2017 vart det sett i verk ei rekke tiltak for å bremse kostnadsveksten, og det er gledeleg å sjå at dette har gitt resultat. Vi ser på kostnadane i 2018 at vi klarar å balansere offensiv satsing med effektiv bankdrift, seier Teigene.

Ny versjon av mobilbank

I september lanserte Sparebanken Sogn og Fjordane den nye versjonen av mobilbanken sin. Lanseringa er eit stort steg i retning av ei ny eigenutvikla nettbankløysing som kjem i 1. kvartal 2019.

Den nye versjonen av mobilbanken har allereie 35 000 brukarar. 5 000 kundar har allereie teke i bruk skanning av kontonummer og KID, ein av fleire nye funksjonar i den nye versjonen.

– Vi ser at den nye versjonen vart godt tatt imot og vi ser på bruken at vi har lykkast med kome med funksjonar som folk ser gjer kvardagen lettare for dei, seier Teigene.

Hovudtrekk:

HOVUDLINJER 3. KVARTAL 2018 ISOLERT

• Totalresultat 149 mill. kr (112 mill. kr)

• Netto renteinntekter 213 mill. kr (215 mill. kr)

• Resultat finansielle instrument 51 mill. kr (4 mill. kr)

• Driftskostnader 102 mill. kr (100 mill. kr)

• Tap på utlån 15 mill. kr (24 mill. kr)

• Eigenkapitalavkastning 13,5 % p.a. (11,0 % p.a.)

 

HOVUDLINJER PR. 3. KVARTAL 2018 HITTIL I ÅR

• Totalresultat 369 mill. kr (304 mill. kr)

• Netto renteinntekter 634 mill. kr (635 mill. kr)

• Resultat finansielle instrument 83 mill. kr (43 mill. kr)

• Driftskostnader 322 mill. kr (323 mill. kr)

• Tap på utlån 30 mill. kr (93 mill. kr)

• Eigenkapitalavkastning 11,4 % p.a. (10,3 % p.a.)

 

Alle tal som er kommenterte gjeld for konsernet om

ikkje anna er oppgitt. Tal i parentes gjeld tal for same

periode i fjor.