Ifølge inkassobyrået Lindorff hadde husstandane i Flora til saman 46 millionar kroner i misleghalde gjeld ved utgangen av første kvartal. Dette er ei auke på hele 33 prosent frå same periode i fjor, skriv inkassoselskapet i ei pressemelding.

Alt i alt var det registrert 2.030 betalingsmerknader i kommunen ved utgangen av første kvartal, ein auke på 9,3 prosent frå same tid i fjor.

– Vi ser at enkeltkommunar har mange innbyggjarar med betalingsmerknad. Det er samtidig viktig å huske at dette ofte er kommunar med få innbyggjarar der verknaden av éin person til som får merknad synest betre i statistikken enn i større kommunar, seier administrerande direktør Siv Hjellegjerde Martinsen i Lindorff.

Ho oppfordrar alle som får problem til å ta kontakt med leverandørar og inkassoselskap for å forklare saka.

– Dei ein skulda pengar til er ofte positive til å finne ei løysing, for eksempel i form av betalingsutsetting, nedbetalingsavtale eller moglegheit for å returnere ein vare, seier ho.

Dette er ein betalingsmerknad

Ein betalingsmerknad er ei rettsleg kjenning, mens ein inkassosak er ein faktura som ikkje er betalt etter purring. Merknadane blir registrert hos kredittopplysingsbyråa og blir sletta når ein gjer opp for seg.

Betalingsmerknader kan medføre avslag på søknad om mellom anna bustadlån, kreditt og abonnement, noko som tyder at handlingsrommet for privatøkonomien din kan bli betydeleg avgrensa.

Hjellegjerde Martinsen har eit konkret råd til dei som opplever at problema tårnar seg opp.

– Betal dei små krava først, slik at du slepp å få gebyr på dei. Det verste du gjer er å sende rekningane og andre meldingar frå kreditorar og inkassoselskap rett til papirgjenvinning. Når det då ein dag oppstår trekk direkte av lønna, er beløpet mykje høgare enn naudsynt, seier Lindorff-sjefen.

Den samla misleghalde gjelda

Til saman var det 463 personar i Flora kommune som stod registrert med ein eller fleire betalingsmerknader ved utgangen av første kvartal. Dette er 4,4 prosent av befolkninga, og det er opp 6,4 prosent frå same periode i fjor. Det viser tal frå Experian henta inn av Lindorff.

Normalt følger misleghaldet i Norge den generelle gjeldsutviklinga. Ei forklaring på auka misleghalde gjeld, trass i berre ein mindre endring i personar med betalingsmerknad, kan derfor vere at det generelle gjeldsnivået i samfunnet aukar. På landsbasis er til samanlikning 260.054 personar no registrert med betalingsmerknad, eller 5,7 prosent.

Den samla misleghalde og merka gjelda i Flora har stege frå 34,6 til 46,1 millionar det siste året, ein auke på hele 33,2 prosent. Kvar av dei 462 personane med betalingsmerknad svarer nå i gjennomsnitt for ein merka gjeld på 99.600 kroner.