Fin start for Fjordsteam

Stavenes fekk hjelp inn til si gamle hamn i Florø. På kaia hadde hamnemakta til og med flytta lterrorgjerdet for at dei mange frammøtte skulle få sjå godt.

Stavenes fekk hjelp inn til si gamle hamn i Florø. På kaia hadde hamnemakta til og med flytta lterrorgjerdet for at dei mange frammøtte skulle få sjå godt.

Av

Fjordsteam fekk den beste starten i Florø nokon kunne håpe på.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

– Fantastisk dette var langt meir enn vi hadde venta. Superlativa stod i kø over synet av det fine flåten av fjordabåtar, redningsskøyter og andre veteranbåtar som noko over klokka 17 seig inn til Florø i konvoi. Dei kom i følgje med eit førtitals fritidsbåtar frå Florø som hadde gått dei i møte. Ein nyoverhalt Stavenes seig fremst assistert av slepebåten Vulcanus inn til historias første Fjordsteam arrangement Meir enn 40 veteranbåtar frå heile riket kom inn til Florø.

Velkomst

På Fugleksjærskaia møtte fleire hundre møtt fram for å ta imot båtane. Også i Storåsen og på andre kaier hadde folk flokka seg for å sjå veteranflåten komme inn til jubileumsbyen. På Fugleskjærskaia stod Trond Strømgren på opphøgd plass og orienterte om båtane etter kvart som dei kom inn mot kaiområdet. Om merittar, eigarar, maskiner og byggeår. Her var det flust med detaljar å få med seg for kjennarane og sjøulkane. Til og med terrorgjerdet vart letta på for at folket skulle få orkesterplass til båtane

Imponert

- Det er rett og slett imponerande at Atløys venner har fått til dette, sa skyssbåtførar Steinar Bendiksen. Og lokal sjef for det heile, Sander Ødelien kunne gni seg på kjaken og slå fast at starten allereie var blitt ein suksess.

Ei større samling veteranbilar hadde alt parkert pent ved mottaksområdet på kaia. Og utanfor brannstasjonen hadde veteranbrannbilane frå Bergen alt teke plass

Artikkeltags