– Støtta betyr utruleg mykje for prosjektet

Foto:

FLORØ: Siri Linn Brandsøy frå Florø er ein av sju som har fått kunstnarstipend frå fylkeskommunen.

DEL

Filmskapar og tidlegare Firdaposten-journalist Siri Linn Brandsøy er tildelt 30.000 kroner i kunstnarstipend frå Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Det er to fagjuryar som har sitte saman og plukka ut stipedvinnarane, ein for visuell kunst og ein tverrfagleg jury.

Siri Linn Brandsøy har kome gjennom nålauget med eit filmprosjekt ho helt på med.

– Det betyr utruleg mykje for meg å motta slik tillit og støtte frå fylkeskommunen til prosjektet mitt, og eg gler meg til å ta ordentleg fatt på utviklinga av dokumentarfilmen eg skal lage, seier Brandsøy til Firdaposten.

Ho skal bruke stipendet til å utvikle manus tili dokumentarfilmen «Det siste brevet», som blir hennar første langfilm. Filmen utforskar kva som skjer når ein filmskapar flyttar til ei avfolka øy for å skrive eit brev sin avdøydde bestefar.

Du kan sjå smakebitar og få informasjon om filmen her.

Dei andre prisvinnarane er:

  • Arnfinn Kolerud, Flatraket, litteraturprosjekt – 50 000 kr
  • Lillian Samdal, Flekke, musikkprosjekt – 20 000 kr
  • Lillian Samdal, Flekke, kunstprosjekt – 30 000 kr
  • Reidun Rose Vinda, Årdal, kunstprosjekt – 30 000 kr

Dei som får stipendet til unge kunstnarar i etableringsfasen er

  • Eline Kristiansen Brun, Jostedalen, musikkprosjekt – 30 000 kr
  • Siri Linn Brandsøy, Florø, filmprosjekt – 30 000 kr
  • Ådne Dyrnesli, Årdal, fotoprosjekt – 30 000 kr

Artikkeltags