FHL karakteriserer utgreiing som eit bestillingverk

Frå arbeid med å undersøkje i fjorden ved Vevring.

Frå arbeid med å undersøkje i fjorden ved Vevring. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Påpeikar mellom anna manglande fagleg vurdering av utslepp av tungmetall som kopar, bly og kvikksølv.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Nyleg gjekk styreleiar Gunnar Domstein i FHL kraftig ut mot planane om eit gruvedeponi i Førdefjorden.

LES SAK HER: Må seie nei for ein kvar pris

Høgre lokalt; Støttar sjødeponi-løysinga , har gått sterkt ut for å tillate sjødeponiet og det har også regiondirektør Jan Atle Stang i NHO flagga.

Lesarinnlegg av Jan Atle Stang: NHO: Ta ressursane i bruk

Ivar Fossum i Nordic Mining går svært langt i å karakterisere Havforskingsinstituttet som useriøse og har uttalt dette til Firdaposten. – Sjødeponi er trygt

I eit langt og svært omfattande brev til berørte departement skriv FHL sin Geir Ove Ystmark mellom anna følgjande:

Manglande informasjon:

- Nordic Mining har enno ikkje lagt fram dokumentasjon utover nokre skisser på korleis den kommersielle utvinningsprosessen av mineralet faktisk skal foregå.

Tungmetall ikkje vurdert

- Matvaretrykkleik er ikkje vurdert. Heller ikkje at utsleppa vil måtte innehalde store mengder tungmetall.Om lag 96 prosent består av bergarten eklogitt, som etter planen skal finknusast, tilsetjast ulike kjemikalier og sleppast ut i Førdefjorden som avfall. Siden det her er snakk om enorme store avfallsmassar, kan det føre til utslepp av fleire hundre tonn kopar, krom, nikkel og bly per år. I tillegg kan det bli 1-200 kg kvikksølv årleg. Det er ikkje lagt fram dokumentasjon på utvinningsprosessen som gjer det mogleg fagleg å vurdere den opp mot matvaretryggleik.

Vurdering av straum er feil

- Straummålingane som er grunnlag for å vurdere spreiingsfaren er metodisk feil utført og vurdert. Her viser FHL til Havforskingsintsituttet. FHL påpeikar at Miljødirektoratet har lagt feil fakta til grunn i dette spørsmålet.

Irreversibelt

- Dersom det blir gitt løyve er det små moglegheiter til avbøtande tiltak mot utsleppa. Miljødirektoratet seier: "De negative miljøkonsekvensene av sjødeponiet som vi har identifisert vil i liten grad kunne reduseres gjennom krav i en eventuell tillatelse etter forurensingsloven"

Systematisk skeiv vurdering

Konsekvensutgreiinga til Nordic Mining AS har systematisk undervurdert (eller unnlatt å vurdere) forholdet til fjordmiljø, marinøkologiske forhold og hensynet til havbruksnæring, fiskerinæring og reiseliv. På den andre sida virkar potensielle positive effektar å bli sterkt overvurdert.

Verken konsekvensutgreiinga eller rapporten som var bestilt av Sunnfjord Næringsråd er å rekne som reelle samfunnsøkonomiske analysar av gruveaktiviteten. Dei anslår berre moglege positive effektar av det foreslåtte tiltaket.

Undergrev internasjonalt kreditert fagmiljø

Nordic Mining AS, Norsk Bergindustri og Norsk Industri ser ikkje ut til sjå forskjell på rolla til Havforskningsinstituttet, som eit internasjonalt leiande og uavhengig forskingsmiljø innan marine fagområde, og rolla til dei forskings- og konsulentmiljøa som er leigde inn av av tiltakshaver.

I dag skulle Nærings- og fiskeridepartementet og Miljøverndepartementet ta stilling til saka, før den endar på kommunalminister Jan Tore Sanner sitt bord. Men regjeringa har no bestemt å utsetje saka på ubestemt tid.

Artikkeltags