Gå til sidens hovedinnhold

Feststemning då nyebutikken blei opna

Artikkelen er over 17 år gammel

SVELGEN: – Det er utruleg positivt at vi får noko nytt her i Svelgen, meiner Bjørg Rosvoll. Saman med ektemannen, Anders, er ho eins ærend innom for å gratulere dei gamle arbeidsgjevarane sine, Anne og Svein Vågene, med den nye møbelbutikken.

Leiar Dette er ein leiar. Leiaren gir uttrykk for avisa si haldning.

For fire år sidan vart Bjørg pensjonist, og slutta i jobben sin ved Centrum AS. Då hadde ho ti år bak seg under Anne og Svein Vågene si leiing.

– Det var ei fin tid, dei var alltid så utruleg positive, seier ho.

Bjørg og ektemannen har ikkje lagt opp til særleg handel i dag, dei har nettopp vore på tur, og på heimvegen ville dei berre innom og gratulere.

– Handle skal vi gjere ein annan dag, no er det så kjekt med det at vi kan få sjå og kjenne på møblane før vi kjøper dei, det er ikkje alltid like enkelt berre å plukke ut frå ein brosjyre, seier Bjørg og Anders.

Feststemning

Ekteparet Rosvold var langt frå dei einaste som hadde teke turen fredag føremiddag, for å få med seg opninga av den nye møbelbutikken midt i Svelgen sentrum. Kundane strøymde på utover dagen, og det var til tider reine feststemninga i dei nyoppussa butikklokala, der Joker tidlegare heldt til. Høgdepunktet under opninga var då hotelldirektør Geir Gjerde og kjøkensjef Erna Midtbø ved Svelgen Hotell troppa opp med marsipankaker og blomster, som ein ekstra gest til nysatsinga. Gjerde, som også er leiar i Svelgen Næringsråd, sa i ein kommentar til Firdaposten at det er kjempeflott det Anne og Svein Vågene no har sett i gang.

– Dei er eit eksempel for oss alle. Det at dei vågar å satse på denne måten, gjer noko med heile lokalsamfunnet, hevda han.

Tre butikkar

Anne og Svein Vågene har drive butikk i Svelgen i 35 år, og har greidd seg bra i ein til tider tøff marknad. I fjor var det ekstra ille, noko som resulterte i at mange av småbutikkane måtte legge inn årane.

– Dette gav negative utslag også for oss, vi såg at omsetninga gjekk ned, noko vi ikkje kunne leve med. Vi vurderte situasjonen slik at anten måtte vi effektivisere og redusere arbeidsstokken, eller vi måtte prøve å gjere noko med utviklinga. Vi valde det siste, fortel Svein Vågene.

Og i dag har han og kona faktisk tre butikkar i Svelgen. I gamlebutikken har han framleis kle, utstyrsvarer og gardiner, i tillegg til at dei også har opna ei eiga skoavdeling. Nyebutikken, som opna i går, er fylt med møblar, kvitevarer og teppe, og den tredje butikken, som i første omgang skal halde ope ut året, tilbyr eit stort utval varer til sterkt reduserte prisar.