Fleire fly har måtte snudd

DEL

Sambandet Måløy-Oldeide er innstilt på grunn av uvêr. Det melder vegtrafikksentralen tysdag morgon. Natt til tysdag og tysdag morgon regna det ganske mykje her vest, og det bles.

Fleire flyavgangar til og frå Florø vart dessutan innstilt. Det er også forseinkingar i helikoptertrafikken frå Florø. 15.15-avgangen til Snorre A og B er forskyve til klokka 20.05. 15.30-avgangen til Gjøa vil etter planen ta av 17.15.

Tysdag er det meldt mykje nedbør, med mellom 50 og 80 mm regn einskilde stader. Det skal også blåse utover dagen. Vinden skal auke til sterk kuling i periodar sør for stadt.


Artikkeltags