Har du enno ikkje skaffa deg AutoPASS for ferje? Måndag sluttar ferjekorta å verke

AUTOPASS FOR FERJE: Betalingskonseptet «AutoPASS for ferje» skal erstatte den
gamle ordninga med verdikort og storbrukarkort.

AUTOPASS FOR FERJE: Betalingskonseptet «AutoPASS for ferje» skal erstatte den gamle ordninga med verdikort og storbrukarkort. Foto:

Av

Frå og med 1. juli kan ein ikkje lenger nytte ferjekorta frå Fjord 1 til betaling om bord på ferja.

DEL

– Det som er viktig no er at folk bestiller seg Autopass Ferjekort, seier leiar for billettering i Fjord 1, Lars Inge Myklebust til Firda.

AutoPASS for ferje skal frå og med 1. juli erstatte den gamle ordninga med verdikort på ferjene til Fjord 1. Frå og med denne datoen kan du altså ikkje lenger betale med det gamle verdikortet.

– Kundane får ikkje lenger bruke korta, men dersom ein har att pengar på det vil ein få det refundert, seier Myklebust.

Han fortel at kundane kan velje å levere kortet til billettøren om bord på ei Fjord 1-ferje og få ein pinkode som ein kan registrere på heimesidene til selskapet. Då slepp ein å sende inn kortet, forklarer han.

Fleire fordelar

– Dette kjem til å bli ei mykje meir fleksibel ordning enn slik det har vore tidlegare, seier Myklebust.

Leiaren for billettering kan fortelje at ein som kunde har betre kontroll over utgifter med den nye ordninga, då ein kan logge på ein nettstad for å sjekke balansen på brikka. Tidlegare har ein måtta ta vare på kvitteringar for å halde seg oppdatert, fortel han.

Så langt seier han at overgangen har gått fint, og legg til at den nye ordninga ikkje går ut over bemanning om bord på ferjene.

– Systemet er veldig likt som det vi har brukt før, så det blir ikkje så stor overgang for billettørane.

Nina Elise (21) er veteran på ferjekaia: – Bubilturistar synest billetten er for dyr 

Misnøye med AutoPASS-ferje tvingar fram endringar 

Artikkeltags