Ferdig til Jonsok

Stranda skal vere klar til Jonsok, men bruene til Flatholmen kjem til å vere ferdig seinare på sommaren. Styreleiar Jan Henrik Nygård og prosjektleiar Magne Hovland i Sørstrand Folkepark.

Stranda skal vere klar til Jonsok, men bruene til Flatholmen kjem til å vere ferdig seinare på sommaren. Styreleiar Jan Henrik Nygård og prosjektleiar Magne Hovland i Sørstrand Folkepark. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Går alt etter planen skal Sørstrand Folkepark offisielt opne stranda Jonsok-aftan.

DEL

Planen til styret i Sørstrand Folkepark er å lage til ei storstilt Jonsokfeiring med snorklipping og "grand opening" av folkeparken 23. juni.

- Til Jonsok skal stranda vere komplett, og då satsar vi på eit større arrangement med dans, musikk og underhaldning for store og små, fortel styreleiar Jan Henrik Nygård.

På tidligare Jonsokferiringar på Sørstrand har dei vore kring 300 til stades. I år håpar derimot styret i Sørstrand Folkepark at 1000 personar vil møte opp.

-Målet er ikkje å komme i konflikt med bålbrenninga på Rota, men vere ein samkøyring, opplyser Nygård.

Men for å få til ein slikt arrangement er arrangementskomitèen avhengig av å få sponsorar.

- Om nokon melder seg er det flott, smiler Nygård.

Per dags dato er badestranda ei stor steinrøys, og før den offisielle opninga kan føregå må skjelsand på plass, samt steintrapper, sittegrupper og bålplass. Det er meininga å lage til ein aktivitetspark, og fleire lag og organisasjonar er allereie på plass for å utvikle sine områder.

- 4H, Barnas Turlag, Jan Midtbø og Tor Solheim Olsen er nokre av dei som er invitert med eller som allereie har meldt si interesse for å utvikla parken, seier Nygård. Han opplyser at foreninga har 250 000 kroner frå DNB-stiftinga som er øyremerka til aktivitetsjungelen og som dei derfor kan hjelpe til med for å realisere aktivitetspostane.

Artikkeltags