Laurdag 7. juni gjekk dei i land på Svanøy, slik både vikinghøvdingar, biskopar og vekkelsespredikantar hadde gjort før dei. No hadde rett nok ikkje Flora turlag eller Flora historielag ambisjonar om å skape historie, men heller oppsummere ho. Fellesturen markerte 200-årsjubileet for Grunnlova vår, og med det temaet var Svanøy eit naturleg turmål for dei rundt 30 deltakarane. Dei fekk ein hektisk og tettpakka dag; ei god blanding av natur, historie og møte med det lokale næringslivet på øya, som på mange vis følgjer opp ein fleire hundre års Svanøytradisjon:?Å gjere ting spesielt og på sin eigen lokale måte – men i eit større perspektiv.
På Kvalstad blei følgjet godt mottekne av Johan Trygve Solheim frå Norsk hjortesenter. Han fortalte om hjortesenteret si utvikling og oppgåver. Deretter fekk deltakarane helse på hjortane, som gjerne tok imot både klapp og kos. For dei fleste deltakarane var nærkontakten med hjorten ei ny oppleving. Før følgjet drog frå hjortesenteret fekk deltakarane smaksprøver av hjortepølsa som hjortesenteret lagar, med påfølgande oppstilling i rekke med bankkort i handa for å sikre seg ein godbit å ta med seg heim att.
Deretter overtok Rannveig Solheim showet. Ho fortalde om turalternativa på Svanøy. Med gode instruksjonar i forkant, valde dei fleste å gå Nordsjøløypa over øya, medan andre var mest freista til å gå vegen. Målet for alle var Svanøy Hovedgård.
I tunet på Hovedgården venta forfattar Gaute Losnegård som hadde tatt turen til Svanøy for å halde historisk kåseri med tittelen «Haugianarane, Svanøy og 1814». Her teikna han eit bilete av dei politiske forholda som prega samfunnet i åra før 1814, valprosessen ved valet til grunnlovsforsamlinga og haugianarane si rolle i denne. Losnegård hadde spesielt fokus på den viktige rolla som haugianarane spelte i Sunnfjord. Losnegård hadde også med seg nokre heilt trykkferske eksemplar av den ferske boka «Med påhalden penn?». Han har sjølv skrive ein artikkel som omhandlar haugianarane og den politiske oppvekkinga i Sunnfjord kring 1814. Han nytta høvet til å halde eit lite minibokslepp, og mange av dei frammøtte fekk skaffa seg eit signert eksemplar av boka. Boka er ei artikkelsamling om 1814 med det lokale som synsvinkel.
I mellomtida hadde Rannveig Solheim kome til Hovedgården og tok følgjet med på ei historisk reise gjennom garden si utvikling og dei personane som hadde budd der. Svanøy Hovegård har hatt ei sentral rolle i Sunnfjord gjennom mange tidsepokar, mellom anna som futegard og som senter for haugianarane i Sunnfjord. Deretter fekk deltakarane omvising i hovudhuset på garden.
Siste stopp på turen var Svanøy røykeri, der dei fekk følgje produksjonsprosessen og prøvesmake produkta til røykeriet, med påfølgande handel. Nokre av deltakarane rakk også ein tur innom Bjarne Svanøe sitt galleri, før det var klart for avreise til fastlandet.