Fekk miljøpris på verdas miljødag

Frå venstre fylkesleiar Marit Barsnes Krogsæther, leiar i Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe Pall Hannesson, Anne Line Thingnes Førsund, Runar Hovland frå Naustdal Venstre og Gunhild Berge Stang, Askvoll Venstre.

Frå venstre fylkesleiar Marit Barsnes Krogsæther, leiar i Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe Pall Hannesson, Anne Line Thingnes Førsund, Runar Hovland frå Naustdal Venstre og Gunhild Berge Stang, Askvoll Venstre. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

På verdas miljødag delte Sogn og Fjordane Venstre for første gong ut sin nyoppretta miljøpris. Den gjekk til ei lita gruppe som har greidd å skaffe saka si nasjonal merksemd.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

- Venstre har valt å etablere ein miljøpris som vi vil dele ut årleg på denne dagen. Det vil vi gjere for å trekke frem lag, organisasjonar eller enkeltpersonar som gjer eit stort arbeid for miljøet, seier Halvor Halvorsen i Flora Venstre.

- Vi er glade for den honnøren som ligg i prisen både for vevringfolket og alle andre som kjempar for Førdefjorden. Dette viser at Venstre ser at Engebø/Førdefjord-saka er ei av dei største miljøsakene i landet, og at den er avgjerande for Sunnfjord og fylket.

Det sa Anne Line Thingnes Førsund då ho mottok prisen på vegne av Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe i Førde onsdag.

Og eit stort arbeid har miljøgruppa frå Vevring gjort - no sist ved å arrangere eit seminar med politikardebatt, appellar og servering av sjømat frå fjorden, men også ved å trekkje inn faginstansar som Fiskeridirektoratet og Havforskingsinsituttet. Innsatsen for å spreie kunnskap om konsekvensane ved eit fjorddeponi er også noko av det Venstre peikar på i si grunngjeving av kvifor miljøgruppa får prisen:

"Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe har gjort ein stor innsats for å samle faggrupper og å få belyst konsekvensane ved eit fjorddeponi. Dei har i ei årrekke jobba for å opplyse folk om kva som held på å hende og kva konsekvensar dette vil få for folket, fjorden og kysten".

- At Norge faktisk har tankar om å utvide praksisen med fjorddeponi i ein situasjon der bortimot heile verda har gått bort frå det, er utruleg. Det vil vere eit omdømmetap for Norge som sjømat-, reiselivs- og miljønasjon som vil ha ein pris eg ikkje trur Norge toler. Difor er vi optimistar, seier Thingnes Førsund.

Prisen er eit diplom og eit måleri av kunstnaren Trud Nybø.

Artikkeltags