Fekk havabbor på 3,7 kg

Av
Artikkelen er over 15 år gammel

MIDGULEN: Søndag ettermiddaga fekk Ståle Solheim ein havabbor på 3,7 kg i Midtgulen. Fisken beit på ein heimelaga sluk.

DEL

Solheim er heimehøyrande på Solheim på Brandsøylandet, og likar å fiske med stong og snøre frå land. Han stoppa på eit nes austafor Myklebust i Midtgulen og gjorde nokre kast med relativt lett utstyr.

Der sat det i noko så enormt:

– Eg trudde det var ein skikkeleg stor sjøaure. Fisken var enormt kraftig og drog sikkert ut eit halvt hundre meter snøre før eg fekk inn att ein tomme, fortel Solheim.

Etter ein lang kamp fekk han endeleg landa fisken som viste seg å vege ca. 3,7 kilo, og målte 66 centimeter.

Han fraus fisken ned, og i går fekk vi sjansen til å ta bilde. Havabboren er blank som ei sild, med store riksl, og oppfører seg på mange måtar som ein aure, og går iblant opp i brakkvatn, særleg om våren og føresommaren.

– Du skulle sett kor flott han var før han vart frosen ned, seier Solheim og syner fram.

I fiskeboka ser vi at havabboren er ein middelhavsfisk som går mykje i oppdrett der nede. Her på våre kantar er han relativt sjeldan, i alle fall i denne storleiken. Maksimalt kan han bli nesten ein meter og opp mot ni kilo, men fisk over 60 sentimeter er sjeldan, spesielt så langt mot nord.

Havabboren er ein god matfisk, og er blitt sterk utnytta i kommersielt fiske frå Portugal til England. Mykje tyder på at overfiske kan ha redusert bestanden.

Artikkeltags