Feira med stor sommarfest

GODT KLEDDE: ¿ Kjekt,  men varmt, sa Sara Maurstad og Camilla Kjørslevik i framgrunnen. Dei hadde ansvaret for å måle dei austlege delane av Svelgen.

GODT KLEDDE: ¿ Kjekt, men varmt, sa Sara Maurstad og Camilla Kjørslevik i framgrunnen. Dei hadde ansvaret for å måle dei austlege delane av Svelgen. Foto:

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

Laurdag vart Bremanger smelteverk feira med folkefest i Svelgen, og i høve jubileumet fekk elevar frå Svelgen skule ein spennande målejobb.

DEL

I samband med 80-årsjubileumet til Bremanger smelteverk fekk sjuandeklasse ved Svelgen skule ei spanande dekoreringsoppgåve.

Smelteverksarbeidarane som kom på jobb over helga fekk seg ei hyggeleg overrasking då dei passerte ein av dei gråaste og tristaste industrihallane på verket.

Elevane ved Svelgen skule hadde måla heile bygda i klare og verfaste akrylfargar som ifølgje reklamen skal halde i minst ti år, over den lange, gråkvite flata.

- Kjekt

– Kjekt, men litt varmt, sukka Sara Maurstad og Camilla Kjørslevik og tørka bort litt sveitte. Her var det ingen kompromiss med tryggleiken. Dei måtte ha på hjelm og arbeidsfrakk heile tida medan dei svinga penselen i solsteiken inne på verksområdet. Som dei andre på målarlaget hadde dei meldt seg frivillig, medan andre i klassen hadde andre oppdrag under bygda sin store sommarfest.

Bildet startar i aust med kapellet og skulen, held fram over sentrum og vidare vestover til smelteverket og Sande. Arbeidet viste seg så omfattande at dei nok ikkje greidde å bli ferdige på ein arbeidsdag.

Trist vegg

Formingslærar og amerikanar Bjoern Tillit hadde først rita strekar på veggen, projisert frå bilde han hadde teke frå robåt ute frå fjorden. Ideen til det heile kom frå Gabriel Ossenkamp, ingeniør på verket, som gjerne ville friske opp den noko triste veggen.

Sjå eigen bildeserie frå sommarfesten i Svelgen laurdag, og les alt om feiringa i papirutgåva tysdag.

Artikkeltags