Fanøy Nærbutikken Sommar 2016
Siri Linn BrandsøY

I sentrum av sjøstjerna

Det heiter seg at om dei tek butikken frå folket så forsvinn bygda, men dagleg leiar Jolanda Tervoort ser lyst på framtida til nærbutikken på Fanøya.
Publisert

– Visst du ser på vegane her, så ser du at butikken ligg i nærleiken av midtpunktet. Jolanda peikar på kartet for å vise meg vegmønsteret til øya.

– Når eg kom hit så var det nokon som sa at du kan samanlikne det med ei sjøstjerne. Alle vegane viser tilbake til senteret. Butikken og rutekaia ligg i sentrum. Det er her folk samlast når dei kjem og når dei dreg, forklarar ho.

Når ein ser på plasseringa til butikken, ser ein at den har ei viktig rolle i øygruppa Batalden. Som mange andre øyer langs Norskekysten har Fanøy opplevd fråflytting, eller det nokon kallar avfolking. Eit teikn er at tidlegare fulltidsbustader blir til sommarhus og hytter, og mørke vindauge på vinteren.

– Når eg flytta hit for 15 år sidan, då var vi over 100 fastbuande, no er vi litt over 50, så det har gått ned mykje sidan den gong, reflekterer Jolanda.

Jolanda og ektemannen hennar, Ab Tervoort, flytta frå Nederland til Fanøy, med fire born, i 2001. Dei hadde sett ei annonse i avisa der nokon frå Batalden etterlyste fleire folk som ville busette seg på øyene. Familien Tervoort kjente på eventyrlysta og bestemte seg for å prøve.

– Vi var veldig heldige som flytta hit syns eg. Det er veldig fint her. Det var som å komme på ferie. Stille og roleg, nesten ikkje bilar. Dei aller fleste går her. Eg trivast utruleg godt og eg kjenner meg heime, smiler Jolanda.

TRILLEVOGN: På klistremerka til trillevogna står det «Hugs å handla heime».

TRILLEVOGN: På klistremerka til trillevogna står det «Hugs å handla heime». Foto:

Frå første stund har butikken spelt ei sentral rolle i livet hennar på øya. Det var her ho så smått begynte å lære seg norsk.

– Når eg kom hit så måtte eg jo lære meg språket. Dei som dreiv butikken på den tida var veldig snille, og eg brukte å hjelpe til om morgonen med å pakke ut varene. Så då fekk eg vere sosial slik at eg fekk lære meg norsk, fortel ho.

Etter kvart som orda forma seg meir og meir begynte ho som deltidshjelp på butikken. Og når den tidlegare butikken gjekk konkurs i 2009, og vart bygdebutikk og aksjeselskap, tok ho over som dagleg leiar av Batalden Landhandel. Her kjem varene med rutebåt frå Florø, og Jolanda og butikkmedarbeidar, Siv Runderheim, legg ned mykje dugnadsarbeid for å få varene på plass.

– Det går rundt, men vi jobbar mykje dugnad og utan merkestøtte hadde vi ikkje fått realisert utvidinga av butikken med ny kafé, seier ho.

Butikken er nemleg ikkje berre ein handelsstad, men eit viktig samlingspunkt for folka på øya. I sommar har kaféen, som tidlegare heldt til i den eine butikkroken, fått si eiga fløy. Vi sit ved eit av borda i det lyse rommet. Dei nye dørene kom opp i går, og der er endå eit par ting som skal på plass før dei er klare for den offisielle opninga påpeikar Jolanda. Men butikken er allereie i bruk.

– I helga var det fullt her, då sat det til og med folk på barnebordet, ler ho.

NY KAFEKROK: Her er det fullt av folk på laurdagane.

NY KAFEKROK: Her er det fullt av folk på laurdagane. Foto:

NÆRBUTIKKEN: F.v. Anne-Marit Karstensen og Siv Runderheim.

NÆRBUTIKKEN: F.v. Anne-Marit Karstensen og Siv Runderheim. Foto:

Anne-Marit Karstensen er ein av dei som har hytte på øya. Ho er innom butikken for å handle det ho treng av grillmat til det sjeldne finvêret.

– Butikken er gull verdt for oss her på øya. Den er utruleg viktig! Her har vi det sosialt og vi treffer folk, og vi kan handle litt på sparket når den er så nærme, seier ho. Jolanda understrekar også kor viktig butikken er for øya:

– Vi hadde skule og alt, men no er den vekke. No er det berre butikken igjen, og det er veldig bra at vi framleis har den. Dei seier at du kan ta vekk skulen, men om du tek vekk butikken så forsvinn bygda.

Men ho trur ikkje den skjebnen ligg i korta til butikken og øya. Ho ser lyst på framtida.

– No har vi bygga på og fått større kafé, og det er endå ein grunn til å komme ut her og handle. Så eg ser positivt på framtida, seier ho med eit overbevisande smil. Spesielt på sommaren er det mykje folk i butikken. Då blir husa som vanlegvis står tomme på vinteren fulle av sommargjestar og hyttefolk.

– Her er sikkert tre gonger meir trafikk på sommaren enn på vinteren. Folk er flinke til å handle og det er viktig for oss, for om folk ikkje gjer det, så kan ein jo ikkje ha butikk, seier ho. Jolanda har og merka at fleire og fleire båtturistar kjem på besøk.

– Eg får høyre frå fleire av dei at dei har snakka med andre som har vore innom butikken, og at dei kjem hit fordi vi har så flott butikk og ei fin ny gjestebrygge. Det er utruleg kjekt, og eg håper at endå fleire vil ta turen ut hit, seier ho.

Før eg forlèt øya, hiv ho seg på Pokémon-bølga og viser meg minnestatuen like utanfor butikken:

– Ser du det ankeret der. Der bur det ein pokemòn, så no kan folk komme å fange Pokémon på Fanøy. Ho ler av sitt eige «marknadsføringsstunt», vis på at det til sjuande og sist er folk, som ho, som held liv i bygda.

BÅTLIV: Utsikt frå rutekaia

BÅTLIV: Utsikt frå rutekaia Foto:

Artikkeltags