Tre bilførarar fekk bot i Eikefjord

DEL

Politiet sto på lur med lasermålaren sin tysdag ettermiddag på Rv. 5 ved Hovland i Eikefjord. Det fekk tre bilførarar som køyrde for fort merke.

Tre bilar blei fanga opp med for høg hastigheit, og fekk med seg forenkla førelegg heim.

Høgast fart av dei hadde den som blei målt til 106 kilometer i timen i 80-sona. Det vil vanlegvis bety 8500 kroner i bot og tre prikkar i førarkortet.

Artikkeltags