Færre løyve, fleire skotne

Av
Artikkelen er over 15 år gammel

BREMANGER/FLORA: Både i Florø og Bremanger blir hjortejakta 2003 rekna som vellukka. I Flora blei det felt 629 dyr, i Bremanger vil det endelege resultatet ligge på over 500 dyr.

DEL

Fellingsstatistikken for Flora kommune er no klar, og den syner ein liten auke i avskytinga, trass i at totalkvoten var redusert. Den lokale viltforvaltninga i Florø er godt nøgd med at fellingstala viser god balanse mellom kjønna. Målet for 2003 var å stogge skytinga av for mykje hanndyr, som året før utgjorde heile 59 prosent. Fellingstala for kalv er positive, men det er felt noko for mykje vaksne dyr av begge kjønn, og litt for få ungdyr.

2003 var det første året der heile tildelinga av hjorteløyve var retta. Det betyr at det ikkje blei tildelt valfrie dyr, unnateke dei områda der det ligg føre bestandsplanar. Her er alle dyr valfrie.

I Bremanger har sakshandsamar for viltstell, Rune Indrehus, ikkje fått inn alle resultata frå alle jaktvald. Men han kan slå fast at Bremanger kommune held stand i toppen i lag med Flora når det gjeld status som store hjortekommunar.

– Vi passerer godt 500 felte dyr. Vi har ei sunn hjortestamme med god fordeling mellom kjønn og aldersgrupper. Her var godt med dyr både før, under og etter jakta, slår Indrehus fast.

I Bremanger var det i år 26 jaktområde som hadde såkalla bestandsplanar. I desse områda har grunneigarane og jegerane eit ekstra stort ansvar for lokal forvaltning av stamma. Ei øvre grense på tal på felte dyr i løpet av mange år blir fastlagt av styremaktene. Så er det opp til grunneigarane å forvalte bestanden på best mogleg måte. Det betyr at om ein feller 10 hjortar mindre enn planlagt det eine året, skal det takast ut 10 dyr meir året etter, dersom bestanden tilseier at det er rett. På denne måten vil dei med best lokalkunnskap vere dei som legg premissane for å oppretthalde ei levedyktig og sunn hjortestamme.

Artikkeltags