Farleg – men ikkje farleg nok

Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Statens vegvesen meiner at vegen mellom Indrehus og Svelgen ikkje kan klassifiserast som farleg. Ulukka på vegen onsdag var den niande på strekninga på ti år.

DEL

Ulukka utanfor Svelgen førre veke var den niande ulukka på strekninga Indrehus-Svelgen på ti år. Men det er for lite ulukker til at Fv. 614 mellom Indrehus og Svelgen kan kallast ein farleg vegstrekning. Det ifølgje Statens vegvesen sine mål.

Ei ulukke i året

Fire av desse ulukkene har skjedd i løpet av dei siste fire åra. Det vil seie at det er kring ei ulukke på strekninga i året.

Ulukka onsdag føyer seg inn som utforkøyring nummer fire på ti år, på den vel 13 kilometer lange strekninga mellom Indrehus og Svelgen.

I det same tidsrommet har det vore fire møteulukker, ei påkøyring bakfrå og ein fotgjengarulukke. I ein av desse ulukkene vart ein alvorleg skadd, resten av dei involverte i ulukkene har fått lettare og moderate skader.

I alt har Statens vegvesen registrert 27 ulukker på heile Rv. 614 dei siste ti åra.

– Inga farleg strekning

Dette gjer at Statens vegvesen ifølgje deira definisjon ikkje karakterisere strekninga som ein ulukkesstrekning. Sjølv om fire av desse ulukkene skjedde innanfor ein kilometer, før og etter avkøyringa til ferjekaia på Kjelkenes, er det for lite til at det kan kallast eit ulukkespunkt.

– Her i Sogn og Fjordane har vi ingen ulukkesstrekningar eller ulukkespunkt lenger, slik våre retningslinjer definerer det. Grunnen er at ulukkene i fylket skjer veldig spreidd kring om. Det vi har hatt av ulukkespunkt og strekningar tidlegare, har blitt utbetra.

Det seier trafikktryggleikskontakt for kommunane i Statens vegvesen Kari Solemsli, og understrekar:

– Når det er sagt så har også trafikantane ansvar for å halde seg til vegnettet slik det framstår kvar ein tid.

Er vegen mellom Indrehus og Svelgen farleg? Kva meiner du?

Artikkeltags