Får lakse-flaks på veggen

Monicha Landøy

Monicha Landøy Foto:

Av
Artikkelen er over 8 år gammel

Ein bergensar og ein florømann kan snart henge kvart sitt bevis på at dei er storfiskarar på stoveveggen sin. Takka vere Flora Fauna og Monicha Landøy.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

Om du framleis ikkje har fått årets første laks, kan du trøyste deg med dette biletet.

Taxidermist Monicha Landøy har denne veka ferdigstilt utstoppinga av to velvaksne laksar som blei landa i Gloppenelva i fjor.

Laksen på biletet blei teken av ein bergensar og vog heile 14 kilo. Den andre storlaksen, teken av ein florømann i same elva, hadde ei vekt på 12 kilo.

Fisken på 14 kilo er ein av dei største fiskane som er teken i Gloppenelva.

Det var likevel mest dramatikk då 12 kilosfisken skulle landast.

Den var kroka i ryggfinna, noko som gir fisken langt meir kraft å kjempe imot med, enn om den har bite på på vanleg måte. Etter fleire timars kamp mot fisk og stri straum, gjekk det likevel fiskaren sin veg.

– Det er ikkje så mange som stoppar ut fisk av norske preparantar, og vi bestemte oss for å gjere vårt første forsøk i fjor, seier Landøy, som ut frå biletet ikkje bør skjemmast over resultatet – tvert om.

Artikkeltags