Får hovudbry med lokalt vegval

ALTERNATIV: Her ser vi alternativ 2 og 3 når det gjeld ny veg.

ALTERNATIV: Her ser vi alternativ 2 og 3 når det gjeld ny veg.

Av
Artikkelen er over 9 år gammel

Formannskapet i Bremanger får mange vegproblem å ta stilling til tysdag.

DEL

Då skal nemleg politikarane handsame kommentarane til planprogrammet for delstrekninga Svelgen-Indrehus.

For skal den nye Rv. 614 mellom Svelgen og Indrehus inkludere to tunnelar og ei stor rundkøyring like attmed skulen og idrettshallen? Eller skal traseen gå rakt forbi gravplassen på Rise, eventuelt rasere den mykje brukte badeplassen ved vatnet?

Det har komme inn ein rekkje innspel til planarbeidet. Ikkje minst på grunn av det tredje, kontroversielle forslaget om tunnel gjennom Kruna, rundkøyring attmed idrettshallen og veg sørover forbi gravplassen til tunnelinnløpet.

Mellom dei som vil at kommunen ser bort frå dette alternativet Svelgen næringsråd og Bremanger hamn og næring.

Dei peikar på prognosane som syner at trafikkmengda vil bli dobla, og at dette då vil skje rett ved skulen.

– Politikarane må tenkje framtidsretta og ta omsyn til trafikktryggleik når dei skal velje trasé, og ikkje leggje den klin opp til skulen og idrettshallen. Dette alternativet er ikkje å tilrå, seier Bjørgulf Myklebust i Svelgen Næringsråd.

Artikkeltags