Gå til sidens hovedinnhold

Får 2,7 millionar til torske-forsking

Artikkelen er over 7 år gammel

Havlandet Marin Yngel i Florø får nesten 2,7 millionar kroner til å forske på oppdrettstorsk.

Regionalt forskingsfond Vestlandet har løyvd friske midlar til nye forskingsprosjekt i landsdelen. Havlandet Marin Yngel AS i Florø fekk nesten 2,7 millionar til å forske på nye metodar for sterilisering av oppdrettstorsk.

Fondsstyret vedtok måndag å løyve totalt 11,5 millionar kroner til fire forskingsprosjekt i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Fondet hadde lyst ut midlar innan satsingsområda berekraftig mat, reiseliv og offentlege utviklingsoppgåver og løyvde midlar innanfor alle tre.

- Dei prosjekta som har fått støtte, løfter fram forskingstema som er viktige og ikkje minst svært relevante for framtidig verdiskaping eller løysing av viktige offentlege oppgåver i regionen, seier Jone Engelsvold, sekretariatsleiar for Regionalt forskingsfond Vestlandet.

Sterilisering av oppdrettstorsk

Sjølv om det er gjort store framskritt innanfor torskeoppdrett dei siste åra, står det att betydelege forskingsutfordringar for bransjen. Ei av dei er knytt til tidleg kjønnsmodning hos fisken, noko som fører til dårlegare kvalitet på fiskekjøtet og dessutan auka dødstal blant vaksen hofisk.

Bedrifta Havlandet Marin Yngel i Florø har no fått 2 656 000 kroner frå Regionalt forskingsfond Vestlandet for å forske på nye metodar for sterilisering av oppdrettstorsk. Den ”vanlege” steriliseringsmetoden i dag er såkalla triploidisering, der rogna vert utsett for høgt trykk rett etter befrukting. Resultatet er at fisken ender opp med tre kromosomsett – mot normalt to – og vert steril.

Ulempene med denne metoden er fleire; gjennom forsking er det dokumentert både auka dødstal, dårlegare vekst og deformering av skjelett. Havlandet Marin Yngel vil derfor forska på bruk av spesielle vaksinar som kan avbryta utviklinga av rogn og mjølke utan å påverka vekst og annan utvikling hos fisken.

Matforskingsinstituttet Nofima er forskingspartnar i prosjektet.

- Oppdrettsnæringa er viktig, ikkje berre for landsdelen, men for Noreg og for matforsyninga i verda generelt. Fondsstyret ser det derfor som viktig å støtta forsking som søkjer nye løysingar på sentrale utfordringar i næringa, seier Engelsvold.

Berekraftig cruisenæring

Fjord Norge/NCE Tourism får også midlar. Dei har fått tre millionar til å forska på føresetnadene for ein berekraftig og lønsam cruisetrafikk i Noreg. Under slagordet ”optimizing people, planet and profit”, vil dei sjå korleis ein best kan utvikla cruisesektoren på ein måte som integrerar og balanserar både sosiale, økonomiske og miljømessige omsyn.

Dei vil mellom anna analysere cruisepotensialet langs kysten og sjå korleis pengestraumane fordeler seg mellom lokale, nasjonale og internasjonale interessentar. Viktige forskingsspørsmål i prosjektet er også korleis ein stimulerar lokal kontroll, involvering og lønsemd; korleis ein kan bruka cruiseturismen til å styrka små lokalsamfunn og ikkje minst korleis ein kan få ned forureininga knytt til cruiseverksemda.

- Cruiseturismen er i kraftig vekst og mange stader på Vestlandet er attraktive reisemål. Derfor er det også viktig med forsking som seier noko om korleis vi kan ordna oss for at dei lokalsamfunna som er vertskap for turistane, også får ta del i cruiseøkonomien, seier Engelsvold.

Vestlandsforsking, Transportøkonomisk institutt, Universitetet i Stavanger og Samfunns- og næringslivsforskning er forskingspartnarar i prosjektet.

Ny utlysing

Regionalt forskingsfond Vestlandet har totalt 30 millionar kroner til rådvelde for tildeling i 2013. Styret har også vedtatt å lysa ut nye hovudprosjektmidlar med søknadsfrist 16. oktober. Det vert lyst ut midlar innan alle dei fire tematiske hovudsatsingsområda til fondet:

- Berekraftig matproduksjon – grøn og marin sektor (bedriftsprosjekt/hovudprosjekt)

- Energi (bedriftsprosjekt/hovudprosjekt)

- Reiseliv (bedriftsprosjekt/hovudprosjekt)

- Offentlege utviklingsoppgåver på Vestlandet (offentleg prosjekt/hovudprosjekt)

Kommentarer til denne saken