- Denne plassen gjer det mykje enklare for oss

Artikkelen er over 2 år gammel

Etter både farlege turar og bomturar for ambulansehelikoptera, har dei no fått permanent landingsplass på Fanøy.

DEL

Det har tatt si gode tid, og prosessen har innehalde nokre kontroversar. Men torsdag landa det aller første helikopteret på det som frå no av Fanøy sin permanente landingsplass, like nedanfor skulen.

Kommunelege Ronny Cassels sa i 2016 klart i frå på helsepersonellet sine vegner, etter at eit ambulansehelikopter nok ein gong hadde måtta lirke seg ned på ein ueigna og til dels farleg plass med kablar alt for nær:

- No må det bli fortgong i denne saka. Både kommunene og grendelaga må samarbeid for å få det til.

No er det grunneigarane Oddvar Folkedal og Rolf Batalden som har avstått grunnen landingsplassen ligg på.

Ny heli-landingsplass på Fanøy og både grunneigarar og kommune er på plass, frå venstre Anders Espeset, Oddvar Folkedal midten og Rolf Batalden.

Ny heli-landingsplass på Fanøy og både grunneigarar og kommune er på plass, frå venstre Anders Espeset, Oddvar Folkedal midten og Rolf Batalden. Foto:

- Eg hadde nett laga ein veg ned her då denne plassen kom opp som eit alternativ. Dessutan ligg den nær hovudvegen, og den ligg nær skuleplassen som blir reserve-landingsplassen.

Det betyr kort veg å få pasienten inn i helikopteret - når ein først har fått han eller henne fram dit. Det kan vere eit kapittel for seg sjølv, når ein ikkje har verken båre eller køyretøy på øya tilpassa slik bruk, sjølv om det er mange framkomstmiddel på øya. Det er då også difor ein som regel greier å finne ei løysing. Til vanleg er det mellom 50 og 60 fastbuande på Fanøy, anslår Ulriksen, men i ferietida befinn det seg gjerne over 200 personar der.

- Men i det daglege har vi ein høg gjennomsnittsalder på befolkninga her, og det kan vere vanskelege tilhøve for ambulansebåtar på øya. Eg veit at det i nokre tilfelle har vorte brukt mykje tid på å leite etter ein plass å lande for helikopteret. Det er verdifull tid, for då har ein allereie venta 20-30 minuttar, fortel Ulriksen.

Han har sjølv flytta tilbake etter fleire år vekke, men ser forundra ut når han får spørsmål om kva som fekk han tilbake.

- Eg likar meg her. Det er stas å vere her på Fanøya! Dessutan er eg gift med ei som bur her, og har mykje familie her.

Plassen blir registrert

Då helikopteret frå Luftambulansen landar, er det første pilot Bent Næss seier:

- Dette gjer det mykje enklare for oss! Ein fast landingsplass sparar oss for mykje tid.

Han har tidlegare vore i oppdrag på Fanøy og landa ved skulen.

- Slik det er på mange øyar, går det leidningar i kryss og tvers her ute. Men vi er små, vi finn stort sett ei løysing. Det er verre for Redningshelikopteret, som er mykje større og tyngre, påpeikar han, og antyder at den nye landingsplassen kan bli i knappaste laget når det er dette som kjem.

Han fortel at landingsplassen no vil bli lagt inn i ein database, som mellom andre AMK har tilgong til.

- Då vil det komme klart og tydeleg fram at dette er ein fast landingsplass.

Anestesilege Clarence Johnpillai flyg med både Luftambulansen og Redningshelikopteret. Han peikar på kor viktig det er at området blir halde heilt ryddig:

- Kjem det ein snipp av ein presenning opp mellom rotorblada, blir det ingen tur på den pasienten, for å seie det slik.

Anestesilege Clarence Johnpillai viser fram arbeidsplassen sin inne i det kompakte heliktoperet. Han jobbar både for Luftambulansen og for Redningshelikopteret og har vore på Fanøya i oppdrag før.

Anestesilege Clarence Johnpillai viser fram arbeidsplassen sin inne i det kompakte heliktoperet. Han jobbar både for Luftambulansen og for Redningshelikopteret og har vore på Fanøya i oppdrag før. Foto:

Plansjef Anders Espeseth opplyser at kommunen i løpet av sommaren skal asfaltere vegen på Fanøy, og opnar for at det vil vere mogleg å legge asfalt også på landingsplassen.

- Eg synes det er imponerande at de har fått med dykk kommunen på dette. No får neste prosjekt vere å få tak i ei gammal ambulansebåre, så har de å hjelpe dykk med, smiler Næss.

Ikkje alle heli-landingsplassar har kulissar som dette.

Ikkje alle heli-landingsplassar har kulissar som dette. Foto:

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken