Fann minner frå Svelgen-angrep

Foto:

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

To turgåarar snubla nyleg over eit høgaktuelt krigsminne i lia sørvest for Svelgen.

DEL

Samtidig med at det blir leita etter eit havarert Beaufighter-fly ved Svanøy, fann Bjørn Martinussen og Rune Nordal tomhylser frå luftvernkanonar som under 2. verdskrigen forsvarte konvoiar i Svelgen mot angrep frå dei same flya.

Under krigens siste år nytta tyskarane ofte dei tronge vestlandsfjordane til å skjule konvoiskip frå det stadig meir aggressive Royal Air Force.

– På Eikeland ved Pershammaren kom vi tilfeldigvis over ei tomhylse som låg på bakken. Den er omtrent 40 centimeter lang, og eg kan ikkje forstå anna enn at den stammar frå luftkampar under andre verdskrigen, seier Martinussen.

Lokalhistorikar Lars Olav Rylandsholm i Svelgen trur Martinussen har rett.

– Men tomhylsa kjem nok ikkje frå sjølve Beaufighterane. Derimot kan hylsa stamme frå luftvernkanonar som tyskarane brukte til å forsvare seg med, trur Rylandsholm.

Krigshistorikar Kjell Ragnar Berge i Førde er ikkje like sikker etter å ha sett bilete av hylsa.

– Det like gjerne vere avfyrt frå lett panservernskyts, kanskje frå anlegget på Sande i Svelgen, seier Berge.

For Bjørn Martinussen blir tomhylsa no eit høgst spesielt turminne.

– Den skal pussast og få heidersplass i stova, seier han.

Artikkeltags