Valdssaka mot politimann er lagt vekk av riksadvokaten

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Riksadvokaten fann ikkje tilstrekkeleg prov for at valden mannen er skulda for har funne stad. Det melder NRK Sogn og Fjordane.

– Han er veldig letta og glad, men kjenner samstundes kor langvarig og belastande prosessen har vore, seier mannen sin advokat, Mette Yvonne Larsen til NRK.

Saka vart meld i april 2016, og oktober 2017 vart han sikta for vald mot sin tidlegare sambuar. Statsadvokaten bestemte seg 11. november for å legge saka mot mannen bort, etter bevisets stilling. Då klaga den tidlegare sambuaren avgjerda inn for riksadvokaten. No har dei også lagt vekk saka.

Advokaten til sambuaren, Jon Christian Elden, skriv i ein SMS til NRK at det ikkje er mogleg å angripe Riksadvokaten si vurdering om at tvilen skal komme mannen til gode. Dei vurderer likevel å gå vidare med saka.

Artikkeltags