Familie føler seg som kasteballar

VEGS ENDE: Arnt Osland og Iren Liset er uroa over kommunen si behandling av saka til sin 18 år gamle funksjonshemma sonen sin Joakim Osland. Joakim har Angelsmans syndrom, og familien har eit pressande behov for avlastning.

VEGS ENDE: Arnt Osland og Iren Liset er uroa over kommunen si behandling av saka til sin 18 år gamle funksjonshemma sonen sin Joakim Osland. Joakim har Angelsmans syndrom, og familien har eit pressande behov for avlastning. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Iren Liset og Arnt Osland i Flora kjempar for eit fullverdig tilbod til sin multihandikappa son. Det har tappa dei for krefter.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

I papirutgåva av Firdaposten tysdag 11. juni, fortel dei om ein ti år lang kamp mot eigen kommune for å få eit tilbod som er noko meir enn berre oppbevaring av sonen Joakim, som lir av Angelmans syndrom. Han treng tilsyn døgnet rundet og foreldra treng eit skikkeleg avlastningstilbod.

Joakim Osland er 18 år, og vart fødd med den sjeldne diagnosen Angelmans syndrom. Ved 18 månaders alder slutta den mentale utviklinga opp og i dag er han på det same mentale stadiet han var for 16 år sidan, sjølv om kroppen viser ei anna røynd.

For å kunne klare å seg av dei tre andre borna, og seg sjølv, har familien dei siste ti åra hatt Joakim på avlastning hos Flora kommune. I dei ti åra som har gått har det utvikla seg ein isfront mellom kommuneadminsitrasjonen og foreldra, som toppa seg i mai i år. No som det står på som verst, ønskjer familien å tale si sak. Om behandlinga frå Flora kommune, og hjelpa frå Jakob Nødseth og HSU.

– Vi er begge ved vegs ende. Vi har ikkje energi att. Kampen mot kommunen har tatt all livsglede, seier Arnt.

– Saka til Joakim påverkar ikkje berre han, men også oss som foreldre og våre tre andre barn. Vi har ikkje energi til overs å gje til dei andre ungane. Det kan ikkje vere slik, seier ho.

Foreldreparet meiner at leiar i helse og sosialutvalet, Jacob Nødseth, er den einaste som har teke dei på alvor. Han har jobba for at dei skal få eit tilbod til Joakim på den private institusjonen KOA, som held til i Hopen i Høydalsfjorden.

Rådmann Terje Heggheim seier at det er synd at familien opplever det slik at dei ikkje får noko god handsaming. Saka skal opp i bystyret denne veka.

Med det har saka også fått ein politisk dimensjon, privat eller offentleg omsorg. Samstundes opplever tilsette i administrasjonen i kommunen det slik at Nødseth opptrer trugande. Det har ført til ein intens politisk diskusjon om Nødseth skal fjernast frå jobben som utvalsleiar i Helse- og sosialutvalet i kommunen. Nødseth sjølv meiner at skuldingane om trugsmål er "eit falsum".

Firdaposten si papir- og pdf-utgåve skildrar saka langt meir detaljert.

Artikkeltags