Han blir ny EWOS-direktør

Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Fredrik Witte blir administrerande direktør frå og med i dag. 

DEL

Det skriv selskapet i ei pressemelding tysdag.

- Fredrik har frå første dag han kom til EWOS vist at han med sin forretningsforståing frå andre bransjar har eit heilskapleg blikk både for dei økonomiske og organisatoriske problemstillingane i fôrbransjen. Det er ein del av vår strategi å sjå ut over eigen bransje for å hente inspirasjon og den beste kompetansen, og det har vi fått i Fredrik, seier konsernsjef Einar Wathne.

- Eg er topp motivert for jobben og gler meg til å bli endå betre kjend med både tilsette, kundar og bransjen generelt, seier Fredrik Witte som har vore konstituert i stillinga sidan juni 2015.

- Eg har stor respekt for kompetansen hos dei tilsette i EWOS Norge og ser fram til å leie organisasjonen. Vi har ein spennande tid framføre oss med Cargill-integrasjonen, og sjølv om spørsmåla er fleire enn svara i den fasen vi er akkurat no, er eg trygg på at partnarskapet med Cargill vil by på moglegheiter for både tilsette og selskapet totalt sett, seier Fredrik som understrekar at forbetringsprosessane som allereie er i gang i selskapet skal fortsette:

- I tillegg til integrasjonsarbeidet med Cargill, skal vi jobbe ufortrødent vidare med dei planar og initiativ som vi har jobba med dei siste 18 månadane under Blueprint-paraplyen.

Fredrik kom til EWOS Norge i september 2014 som økonomidirektør. Frå før har han blant anna bakgrunn som finansdirektør i Rieber & Søn ASA.

Artikkeltags