Støv-eksplosjon på EWOS er under kontroll

Glasa i vindauga øvst på bygninga bles ut under eksplosjonen.

Glasa i vindauga øvst på bygninga bles ut under eksplosjonen. Foto:

Av og
Artikkelen er over 2 år gammel

Brannalarmen har gått på EWOS i Florø etter det som truleg er ein støv-eksplosjon.

DEL

Det opplyser operasjonsentralen i Flora ved Vest politidistrikt.

– Det har gått ein automatisk brannalarm ved EWOS. Det skal vere snakk om ein støv-eksplosjon, opplyser politiet klokka kvart over åtte.

Det skal ikkje har vore personar i bygget då hendinga skjedde, og det blir no jobba med å få kontroll på situasjonen.

– Alarmen gjekk i sjuandeetasje. Det er røykdykkarar inne i bygget no, og skal få greie på kva som har skjedd. Det skal ikkje ha vore snakk om opne flammar, seier operatør ved 110-sentralen i Florø, Nina Andal.

Eit vindu i etasjen er blåst ut som følgje av eksplosjonen.

Klokka 21.30 melder Alarmsentralen at dei har kontroll. Bygget er no gjennomsøkt av røykdykkarar.

– Brannvesenet har no kontroll på bygget. Mannskapet på staden jobbar no med å ventilere og tømme romma for støv, fortel vaktleiar Terje Birkeland ved Alarmsentralen.

Han reknar med at arbeidet vil halde fram utan vidare dramatikk.

Artikkeltags