Leif Stavøstrand og Evoy har fått endå meir millionstøtte

GRÜNDER: Leif Stavøstrand og Evoy har blitt teken inn i Katapult Ocean Accelerator.

GRÜNDER: Leif Stavøstrand og Evoy har blitt teken inn i Katapult Ocean Accelerator. Foto:

SVANØY: Evoy AS har blitt teken inn i varmen til Katapult Ocean.

DEL

Blant 500 gode søkarar, har Leif og Gunnar Stavøstrand og selskapet deira Evoy fått innpass i Katapult Ocean Accelerator. Selskapet investerer i og rettleiar nystarta bedrifter som skal betre tilhøva i havet. Dei investerer no eit millionbeløp i Evoy AS. I tillegg får Evoy innpass i deira 3-månaders akselerator-program med rettleiing frå internasjonale ekspertar, forretningsutviklarar og leiarar.

– Betyr mykje

– Det er ikkje tvil om at det betyr mykje for oss å få innpass i Katapult Ocean Accelerator. Vi har ein god plan, og skulle nok klart oss uansett, men dette hjelper verkeleg med tanke på å knyte nettverk, og sikre kompetanse. Og det tyder ikkje minst at risikoen for at vi ikkje får ting til minkar. Og så trur eg det kan gå fortare med tanke på å komme i gang med produksjon, seier Stavøstrand til Firdaposten.

Evoy jobbar med å utvikle ein batteridriven elektrisk motor for fritidsbåtar og mindre yrkesfartøy. Leif og faren gjekk inn med 100.000 kroner i aksjekapital og har seinare auka denne til 500.000 kroner. Kapitalbehovet er på 20 millionar kroner. Allereie har ni lokale investorar gått inn med totalt 2 millionar kroner i tillegg til Katapult Ocean sine millionar. I januar har dei også fått inn 3,75 millionar i fersk kapital, i tillegg til 1,2 millionar frå Innovasjon Norge.

Produksjon i tredje kvartal

Alt dette gjer at Evoy no er der dei skal vere etter planen. Allereie har dei fått på plass alle hovudkomponentane til motoren, og jobbar dermed med prototypesystemet.

– Systemet skal vi testkøyre i laboratoriet i løpet av februar-mars. Deretter er planen å installere den i ein 28 fots RIB-båt i løpet av april-mai. Denne ribben blir for både privat- og bedriftsmarknaden. Vi har ikkje signert enno, så eg kan ikkje seie kor den skal byggast. Men prototypesystemet er ferdig, må vi forsikre oss om at alt heng i hop som det skal. Og når alt fungerer, er vi eigentleg klare for marknaden, seier Leif Stavøstrand.

Evoy vil ta imot bestillingar i løpet av våren. Målet er å vere i gang med levering allereie i løpet av tredje kvartal.

600 hestekrefter

Motoren vil etter det Stavøstrand seier ha nesten 600 hestekrefter, og vil garantert komme over 50 knop. Målet er å utvikle eit elektrisk framdriftssystem med ei rekkevidd som er god nok til 60 prosent av alle båtturar i Norge.

– Og kanskje vil den nærme seg 60 knop, så det blir verdas raskaste, serieproduserte elbåt, seier Stavøstrand.

Evoy har allereie lyst ut tre stillingar, mellom anna på teknisk sjef og marknadssjef. I tillegg jaktar dei ein elektroingeniør-trainee gjennom Framtidsfylket.

– Vi kosar oss på jobben for tida, avsluttar Leif Stavøstrand.

Artikkeltags