Etterlyser ordføraren i asyl-debatten

FOR LITE FAKTA: - Asyldebatten i Bremanger er prega av for lite fakta og ein for lite synleg ordførar, meiner Høgre-leiar Audun Åge Røys.

FOR LITE FAKTA: - Asyldebatten i Bremanger er prega av for lite fakta og ein for lite synleg ordførar, meiner Høgre-leiar Audun Åge Røys. Foto:

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

Bremanger Høgre ønskjer ein meir synleg Kåre Olav Svarstad i debatten rundt etablering av asylmottak i Bremanger.

DEL

Ein meir sakleg debatt, helst basert på solide fakta. Og med ein godt synleg ordførar som deltakar i ordskiftet. Det er ønsket frå Høgre-leiar Audun Åge Røys, som no går ut og kallar debatten så langt for einsidig.

– Vi ser at saka engasjerer mange i kommunen. Difor må vi ta saka på alvor. Høgre sitt utgangspunkt er at vi i tillegg til utfordringane også må sjå moglegheitene – og ikkje utelukke positive løysingar, seier Røys.

– Følgjer vinden

Når det gjeld ordføraren si rolle så langt, er han derimot ikkje så positiv.

– Det verkar rett og slett ikkje som ordføraren vår har så mange meiningar i denne saka. Han verkar å følgje den vegen vinden blæs, meiner Høgre-leiaren, som meiner dette er eit feil signal i ei så krevjande sak for kommunen.

Bremanger Høgre åtvarer også mot å innta for bombastiske ja- eller nei-standpunkt, også for kommunens politiske parti.

– Til det har vi for lite fakta. Spørsmålet om reelt tal på asylsøkjarar, lokalisering og tidshorisontar er framleis uavklara. Vi treng å vite meir, slår Røys fast.

Kva kan UDI tilby?

Han ønskjer også å få kartlagt i kva grad kommunen sjølv kan vere med å fastsetje talet på antal mottak og asylantar i kvar kommune.

– Vi veit heller ikkje kva Utlendingsdirektoratet kan garantere oss når det gjeld kompensasjon innan kommunale tenester som t.d. lege- og utdanningsressursar, seier han, og håpar desse sakene snarast kjem på den lokalpolitiske dagsorden.

Det har så langt ikkje lukkast Firdaposten å få ein kommentar frå Bremanger-ordføraren.

Artikkeltags